Billig mat, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag, Sausar og dippar
Comments 2

Ovnsbakt kylling med paprikasaus

Heile, store kyllingar kan ein få kjøpt ganske billig rundt omkring.

Når dei har ei vekt på 1,4-1,5 kg er det akkurat passe med mat til fire personar. Ein slik vart med heim i går, og fekk ein tur i omnen før den kom på bordet. Eg kokte kraft på skroget. Den brukar eg både i sausen, og det som blir til overs sparer eg og brukar i ei suppe eller i ein saus ein annan dag. Slik gjorde eg det:

Ovnsbakt kylling med paprikasaus

Ein kylling, ca. 1,5 kg

Fem raude løkar

To paprika

2 stilkar stangselleri

Litt purre om du har

1 ts pepparkorn

1 ts smør

1 ts paprika, mild type

Vatn, salt, peppar og timian

3 ss creme fraiche

Set steikeomnen på 200 grader. Del opp kyllingen. Skjer filetane av skroget, og del dei og låra i to. Skjer av vingane.

Ha skroget og anna avskjer i ei gryte. Slå over vatn, ha i ein raud løk som du har delt i båtar, oppkutta stangselleri og purre, og la det koke opp. Skum av. Putt 1 ts timian og 1 ts heil peppar i eit kaffefilter, stift igjen og legg det i gryta. La det heile koke i ein halvtime.

Rens og del opp resten av løken og paprikaen. Legg dei i ei eldfast form. Legg kyllingbitane oppå. Slå på 2 dl vatn. Strø salt, peppar og timian på kyllingbitane. Bak det heile i omnen  ein halvtime. Fyll på med kraft frå gryta viss det blir tørt.

Ta ut forma, Slå eventuelt på litt meir kraft og «kok den ut». Hell av væska og sil det opp i ei skål. Fisk ut nokre paprikabitar og ha det i krafta. Set forma inn igjen og set ned varmen til 100 grader. Køyr kraft og paprika glatt med ein stavmiksar.

Ha smør og paprikapulver i ei lita gryte, og la det frese litt. Slå på krafta. Ha i creme fraiche, og la det heile koke nokre minutt. Jamn eventuelt med maisenna om du vil ha ein tjukkare saus. Smak den til med salt og peppar.

Server kyllingen med ris, paprikasaus, bakt løk og paprika og kokte asparges.

2 Comments

  1. Hei, tenkte eg må tilstå mi brøde….
    Eg skreiv eit innlegg på bloggen min i dag der eg la ein link til din blogg.
    Skreiv litt om dei gode rundstykka eg lagar etter oppskrift i sida di Smp 2005.
    Ellers har eg flittig brukt oppskriftene du har hatt i desse sidene.
    Vellukka alltid !

    God påske frå syskenbarnet til Pernille Lise.
    Anne-Mari

  2. Det er heilt i orden, Anne-Mari! Så lenge du lenkar til meg så syns eg berre det er hyggeleg. Og så er du jo nesten slekt. 🙂

Leave a Reply