Sitronkake
300 g smør
300 g sukker
3 egg
skalet av ein sitron
safta av ein halv sitron
1,5 dl mjølk
300 g kveitemjøl
2,5 ts bakepulver
1 ts ekte vaniljesukker
Glasur: melis og sitronsaft
Pynt: Valmuefrø
Set steikeomnen på 180 grader. Bruk ei 24 cm rund form. Smør forma, og rist rundt ei spiseskei mjøl i den.
Rør smør og sukker kvitt. Bland saman mjøl, bakepulver og vaniljesukker i ein bolle. Rør det tørre inn vekselvis med egg og mjølk. Vend i sitronskall og sitronsaft.
Fyll røra i forma, og fordel den utover med ein slikkepott. Steik kaka på 180 grader i ca 50 minutt. La den kolne. Ha melis i ei skål. Ha i sitronsaft litt og litt til du har ein tjukk glasur. Smør den på kald kake, og dryss på valmuefrø. Nyt den med ein kopp god assam-te frå Perchs thehandel. Smør kan byttast ut med laktosefri margarin, og ein kan bruke laktosefri mjølk viss nokon av dei som skal spise den ikkje toler mjølk.
Citronkake vekker minner fra Kypros, der spiste jeg en sådan, som jeg drømmer om ennå. Takk for oppskriften. God påske!
Merci pour la recette j’aime bien.
thanks for the recipe I like this.
Takk for oppskriften
a french cooker Chantal