Billig mat, Gjærbakst, Noko søtt, Tilbehør, Veggis
Comment 1

Snøggbakst

Har vi ikkje brød? Eg trudde du hadde handla. Rundstykke då? Sjekk i frysaren.

Nei da, det var tomt der og. Det er søndag morgon, og ingen har lyst på ein tur i butikken. Kva gjer ein då? Då tyr ein til snøggbakst. Snøggbakst driv ein med når ein bakar utan gjær, men med bakepulver som hevemiddel. Den klassiske snøggbaksten er scones, desse engelske rundstykkeliknande bakelsane som er eit fast element i ”Afternoon Tea”, når ein får det servert på finare serveringsstader. Scones er gode til te, men med godt smør og syltetøy på er det også ein framifrå frukost.

Når ein lagar scones skal ein ikkje elte deigen slik det er vanleg å gjere med gjærdeig. Med bakepulver hevar deigen seg først i omnen, og då går det fort. Er deigen for seig då vert ikkje sconesa luftige slik vi vil ha dei. Så berre rør så vidt saman det turre og det våte, slik at ikkje glutenet får utvikle seg. Det er ingenting i vegen for å lage scones i kjøkkenmaskin, så lenge du huskar på at den ikkje skal stå og elte. Eg lagar dei med surmjølk, men dei kan også lagast med vanleg mjølk, lett, heil eller skumma. Slik gjer eg det:

Fine scones

5 dl surmjølk

9 dl kveitemjøl

100 g smør

1 ts salt

2 ss sukker

1,5 ss bakepulver

Set steikeomnen på 250 grader. Bland det turre i ein bolle, og smuldre inn smøret. Vend inn surmjølka og rør til du får ein fast deig. Ha mjøl på bakeplata, og form sconesdeigen slik du vil ha den. Denne sconesdeigen kan godt tilsettast hakka sjokolade og/eller nøtter til fest.

Steik sconesa på 250 grader i 10 minutt.

1 Comment

  1. Pingback: Scones med ost | På kjøkkenbenken | God mat skal lagast med kjærleik og rause mål

Leave a Reply