Livet
Comments 12

Eg elskar multikultur

Det er ingen løyndom, eg har sagt det før. Men i dei tidene vi lever i akkurat no må det seiast fleire gongar, og fleire av oss må seie det viss vi meiner det.

Eg har  muslimske vennar, eg har jødiske vennar og eg kan til og med skryte på meg nokre hinduar som eg bryr meg om og pratar med rett som det er. Eg har vennar som er medlem i FrP og eg har vennar som er medlem i Raudt. Dei er alle ærlege, fornuftige menneske som eg har stor glede av å tilbringe tid med. Og det som bitt oss alle saman er det mest interessante, syns eg: Vi vil alle det gode for medmenneska våre.

I løpet av mitt 45 år lange liv har eg faktisk møtt veldig få som ikkje vil det. Dei aller fleste av oss menneske vil gjere verda til ein betre plass. Vi kan vere litt lite gjennomtenkte av og til, vi kan såre kvarandre og vi kan vere tøffe i trynet av og til, men vi er ikkje større enn at vi då kan seie unnskyld, no var eg for tøff, det er ikkje slik eg eigentleg er.

Ein del av mine vennar som har det slik har planar om å samlast framfor Tinghuset 26. april klokka tolv. Der vil vi  møtast og synge Barn av regnbuen av Lillebjørn Nilsen.

Då eg var lita, når atomtrusselen hang over oss og Fremtiden i våre hender sitt magasin var lesestoff for ein fremmeleg tiåring, syntest eg den sangen var skummel. No syns eg den er eit flott manifest for akkurat dette: Vi vil det gode. Ta lunchen framfor Tinghuset på torsdag.

Det kan hende at politiet har innvendingar mot at vi vil synge akkurat der. Viss staden vert endra melder eg frå om det her i bloggen. Stay tuned.

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

12 Comments

  1. Vel talt, Gunda! Men, du mener april, ikke sant? Ikke februar – det litt lenge til, lissom 🙂

  2. Så fint. Jeg regner med at det april. Jeg er rett rundt hjørnet, kanskje jeg kan bli med!!

  3. Utrolig godt tiltak!! Jeg vil være med!! Du skulle ha laget et Facebook-event på dette, hvis det ikke allerede er gjort da?

  4. HildeSofie says

    Takk, gode deg, for fint innlegg!
    Ser for øvrig ut som om det alt er flyttet til Youngstorget, pga mange tilbakemeldinger om at folk vil delta 🙂

  5. Pingback: » Barn av regnbuen – Markering på Youngstorget 26.04

  6. Pingback: Barn av regnbuen « Alt godt

  7. Pingback: Ein god dag « Alt godt

Leave a Reply