Livet
Comments 2

Ein god dag

Gårsdagen vart ein god dag, sjølv om temaet var smertefullt og trist.

Eg hadde ærend i byen, så det gjorde ingenting for meg å stikke meg unna ein liten halvtime for å delta i det som skjedde på Youngstorget klokka tolv.

Det var først på veg bort Torggata at eg forsto at alle menneska som gjekk vestover var på veg til Youngstorget. Med roser i hendene vandra dei side om side mot denne enkle markeringa.

Når vi sto der og vart ynskte velkomne, vart vi oppmoda om å trekke nærare saman, det sto folk i sidegatene som ikkje kom inn på Youngstorget. Politiet anslo at vi var 40 000, og dei brukar ikkje overdrive. Det gjorde meg stolt.

Fleire har spurt meg; kvifor gjorde du det? Kvifor var det så viktig å vere med på denne sangen? Som eg har sagt tidlegare, så opplevde eg Barn av regnbuen som skummel då eg var lita.

Eg vaks opp i ein opplyst, belest og samfunnsorientert heim, og bodskapet i denne sangen sette eg i samanheng med det eg hadde lært om atomvåpen, forurensing og krig. Eg var redd for at vi ikkje skulle klare å ta vare på planeten vår.

For meg handlar denne sangen om min barndom, om mi bevisstgjering og om det ansvaret eg er pålagt som borgar på jorda. Den handlar ikkje om ukontrollert innvandring, om rasehat og om muslimhets. Den handlar om å leve saman, og dele eit stort og viktig ansvar.

Difor var det viktig for meg å ta sangen tilbake. Eg syng den ikkje av hat mot Anders Behring Breivik. Eg brukar ikkje krefter på den mannen. Eg syng den fordi eg og alle rundt meg framleis treng å bli mint på det ansvaret det er å bu på denne planeten.

Eg syng den fordi den minner meg om min eigen vilje til å motivere meg sjølv og andre til å vere ein del av løysinga, ikkje ein del av problemet. For det er det dei fleste vil, og det er det vi må si til alle barna. Vi må dele på det ansvaret, vi må ikkje alltid tenke på vårt eige personlege beste. Vi må gjere alle dei små tinga mot kvarandre, mot naturen og mot samfunnet vårt som gjer at vi kvar dag gjer denne planeten litt betre.

Jacob Margido Esp sa det så fint: Verden går framover. Den har ikke noe annet sted å gå. Men for at det skal skje må vi vere vårt beste vi. Det var vi i går, og det skal vi vere vidare.

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hanna says

    Det er nettopp DET som er så viktig. At vi ikke henfaller til flokk-sentimentalitet, noen minutter, men tar ansvaret som likeverdige medborgere på denne vakre, sårbare kloden, hver dag. Kanskje krever det vanskelige valg, kanskje krevende møter med andre, men med et overordnet, modig blikk og et levende, varmt hjerte kan vi komme litt nærmere hverandre og skape et ekte fellesskap.
    Jeg har også blandede følelser for den sangen fra barndommen:-)

Leave a Reply