Dessert, Kaker, Noko søtt, Ostekaker
Comments 2

Oreo-kake

I dag får du oppskrift på ei av dei nymotens kakene, oreokake. Det er ikkje mange år sidan Oreo-kjeks, desse svarte amerikanske kjeksa med ostekrem inni var uråd å få tak i her i landet. Ein spesialbutikk i Vika i Oslo selde dei til blodpris, det var einaste sjanse. Men no er dei å få tak i i dei fleste butikkar, og vi har også fått den norske kopi-kjeksen Dots. Denne kaka kan gjerne lagast med Dots og viss du ikkje finn Oreo-kjeks.

Oreokake finst i alle variantar, som iskake, som bakt kake og som ”ostekake”. Min variant er ostekakevarianten, og den er faktisk ganske kjapp å lage. Du kan lage den same dag som den skal serverast, men den blir best om den får stå til dagen etter. Når eg lagde denne skulle det gå fort, så då brukte eg sjokolademousse på pakke. Du kan sjølvsagt like gjerne lage den med heimelaga, skikkeleg sjokolademousse. Slik gjer du det:

Oreokake

3 pakkar oreo-kjeks

100 g smør

250 g kremost naturell

2 dl kremfløte

1 boks crème fraïche

3 ss melis

2 ts vaniljesukker med ekte vanilje

1 pk. Sjokolademoussepulver

2 dl heilmjølk

Riven sjokolade eller sjokoladesaus til pynt

Pisk sjokolademoussepulveret ut i 2 dl mjølk til det vert fluffy og tjukt. Set det i kjøleskapet.

Knus to pakkar kjeks i ein hurtigmiksar. Ha smulane i ei skål. Smelt smøret og bland i smulane. Set ein 24 cm vid springformring på det fatet du vil servere kaka på, og fordel kjeksblandinga i ringen. Set dette kaldt.

Pisk crème fraïchen stiv, det går fort med ein handmiksar. Bland inn melis, 1 ts vaniljesukker og kremosten. Pisk dette til det er heilt glatt. Fordel det over kjeksbotnen.

Del kjeksa som er igjen i fire med ein skarp kniv (eller berre knus dei). Fordel kjeksa utover ostekremen, og dytt dei gjerne litt ned i kremen. La kaka stå i kjøleskapet ein halvtime. Fordel så sjokolademoussen over ostekremen, og la det stå litt til.

Pisk kremfløten stiv med 1 ts vaniljesukker rett før servering. Skjer ringen fri frå kaka med ein skarp kniv, og fjern den. Fordel kremen oppå kaka, og pynt med riven sjokolade eller sjokoladesaus som du ringlar over.

2 Comments

  1. Cecilie says

    Supergod oppskrift! Har laget den flere ganger, alltid stor suksess! Kommentarer som «beste kaka jeg har smakt» etc. Takk!

    • Ja, den blir alltid bra! Og det er få måtar syttenåringen i huset vert meir populær blant venninnene på enn når ho lagar denne til venninnebursdagar. Ho skal vel tidleg krøkast. 🙂

Leave a Reply