Billig mat, Fest, Kaker, Langpannekaker, Noko søtt, Veggis
Comments 20

Kvæfjordkake – verdens beste kake!

Uansett om det er bryllup eller begravelse, bursdag, dåp eller konfirmasjon, når det er fest må det stå kvæfjordkake på bordet hos oss. Den er til og med enkel å lage, det er det beste. Og så den gode smaken, då.

Eg har alltid irritert meg over at det vanskelegaste med kaka er å smøre deigen til botnen tynt utover. På eit eller anna tidspunkt gjekk det sjølvsagte opp for meg; Oppskrifta mi er for lita. Eg har ei ganske stor langpanne, og då vert oppskrifta for liten. Difor får du i dag oppskrift på kvæfjordkake til stor langpanne.

Eg har tidlegare fortalt om bestemora mi, som måtte ha Tate & Lyle-sukker når ho skulle bake. Når ein skal røre smør og sukker kvitt, eller lage marengs, er det ein kjempefordel å ha det sukkeret. Det er mykje finare enn vanleg sukker, og dermed får du ein luftigare og glattare marengs, og det går fortare å røre smør og sukker kvitt. Slik gjer du det:

Kvæfjordkake

150 g romtemperert smør

180 g sukker

6 stk eggeplommer

0,5 dl mjølk

240 g kveitemjøl

1,5 ts bakepulver

1,5 ts vaniljesukker

Marengs:

6 eggekviter

300 g sukker

100 g mandelspon

Fyll:

3 dl kremfløyte

Vaniljekrem eller romkrem

Set steikeomnen på 180 grader. Rør smør og sukker kvitt, ha i eggeplommene ei og ei, og mjølk. Sikt saman mjøl, bakepulver og vaniljesukker og rør det godt inn i deigen. Kle ei stor langpanne med bakepapir og fordel deigen utover i et tynt lag.

Stivpisk eggekvitene og ha i sukkeret. Pisk vidare til alt sukkeret er løyst opp. Hell marengsen over røra i langpanna. Strø 100 g mandelspon (hakka mandlar) over det heile. Steik kaka på nederste rille i omnen ved 180 grader i 25-30 minutt, til marengsen er stiv og har fått ein gyllen farge.

Avkjøl. Piske fløyten stiv og vend inn vaniljekrem eller romkrem. Del kaka i to og legg kremen mellom flaka. I forrige veke serverte eg den berre til vaksne, og då supplerte eg romkremen med to korkar kvit rom. Det ga den eit løft, så prøv gjerne det om du er i det rampete hjørnet.

20 Comments

  1. Dette er berre verdens best kake. Ei slik fantastisk blanding av mjukt, hardt, knaske, salt, søtt, krem, knask.. Deilig 🙂 alltid vore veldig glad i den. Kanskje eg skal prøve denne oppskrifta. Eg som aldri bakar.. Kanskje det kunne blitt min debut 🙂

  2. Enig i at kaka er herlig. Min oppskrift har mindre av alt, bl.a. bare 100gr smør og 4plommer. Jeg syns den er i tynneste laget, bunnen min. Tror nesten jeg tester ut din oppskrift neste gang, jeg 🙂

  3. Nybegynner says

    Når du deler kaken i to – er det som en bløtkakebunndeling eller bare tvers over?

  4. Karenmette: Ja, ikkje sant? eg huskar den frå alle familieselskapa, men huskar ikkje kven som bakte den. No kan eg gjere det! (Og du og, om du har lyst. :-))

    ritahoge: Ja, det var nettopp det eg og forsto. 🙂

    Nybegynner: Kaka skal delast på tvers over. Så legg du den eine delen oppå den andre, så kaka blir akkurat halvparten så stor som langpanna di. 🙂

  5. Kristbjoerg says

    Det er lurt å snu eine botnen opp ned, slik at det blir marengs nederst mot fatet og øvst, da vert ikkje marengsen blaut!

  6. Har du en god oppskrift på vaniljekrem? Får ikke kjøpt ferdig her borte.

  7. Elisabeth brekke says

    Hei, og tusen takk for oppskriften!

    Hvor får jeg kjøpt det spesielle sukkeret du nevner?

    🙂

  8. Unni says

    Gunda, jeg har nettopp skjønt at min eldste blir konfirmant i mai neste år, så dette passet jo perfekt! Skal passe på at smør og egg blir tatt ut kvelden før… Post gjerne konfirmasjonsvennlige oppskrifter hele det kommende året😄

  9. Pingback: Maikaker | Alt godt

  10. Eva says

    Har oppskrift på denne kaka med 8 eggeplommer så da blir den stor.
    Google på Cøliakikokken så finnes den oppskriften med 8 eggeplommer. Bakte den nå til 17. mai, men kan også bakes med vanlig hvetemel.

  11. Kari Coleman says

    This is the worst translation I have ever seen. Or maybe it is a joke. Who puts fish flour (halibut) in a cake and use your face to cook it (forehead). I am from Norway and find it hilarious that you have used English words that mean something completely different. Kveite also means wheat and panne in a recipe at least is a pan not forehead. But you have given us all a good laugh.
    Regards Kari

    • Susamedusa says

      Hahaha, Kari. Trur du må ha gløymt at det finnes noko som heiter nynorsk her i verda. Knis!

      Supert at du delte den oppskrifta akkurat i dag, den har eg nemleg tenkt lage som lønningsdagskake i morgon :p

  12. Bente Magnéli says

    Hej
    Går det frysa kakan utan fyllning?
    Hur många bitar/pers räcker denna till?

    Nybegynnare nr 2

    • Hej! Det har jag inte gjort, men jag har läst att många gör det med ett lyckat resultat. Så det er bara att testa ut. Jag ville nog inte låta den stå lenge äfter att den är tinad, men servera den omedelbart.

      • Den här tårtan är nog til 12-15 personer, om du gör den i en riktig stor långpanna.

  13. Lillian says

    Hvor stor er den store langpanna? Gleder meg til å lage denne kaka!! Tusen takk!!

Leave a Reply