Billig mat, Middag, Supper
Comment 1

Fenalårsuppe med tomat og chorizo

Denne suppa vart til fordi min kjære trengte litt sikringskost.

Magen hadde vore ustabil nokre dagar, og matlysta var så som så. Utfordringa vart å finne noko som var næringsrikt, smakfullt og fristande på ein gong.

Som så mange gongar før byrja eg med å sjå kva eg hadde i kjøleskapet. Eg hadde ein pakke ferske chorizo-pølser og fenalårrestar frå bursdagen min, i tillegg til masse gode grønsaker. Så då lagde eg ei suppe på det eg hadde. Slik gjorde eg det:

Fenalårsuppe med tomat og chorizo

200 g fenalår i tynne skiver

Ei chorizo-pølse, fersk

Ein liten gul løk

5 cm purre

100 g raudkål, finstrimla

Ein liten pastinakk

Ein vårløkstilk (eller toppløk)

Masse hakka persille

1/2 boks finhakka hermetiske tomatar

2 ss fond

1 liter vatn

Olje til steiking

Finhakk fenalårskivene og fres dei i olje i ei romsleg gryte. Ha i finhakka gul løk, rensa og finhakka pastinakk, tomat og raudkål, og la det frese til det er blankt og fint. Slå på vatnet og fond, og la det heile putre i 10-15 minutt. Kutt opp purre og vårløk, og ha det i til slutt saman med finhakka persille og chorizopølsa i skiver.

Smak til med salt og peppar, og evnt. litt sukker eller honning om du syns suppa vert for syrleg av tomatane. Server suppa med godt brød, vi hadde ein foccacia med oliven.

This entry was posted in: Billig mat, Middag, Supper

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

Leave a Reply