Fest, Kaker, Mat, Noko søtt, Sjokoladekake, Veggis
Comments 10

Saftig sjokoladekake med appelsin

Denne kaka vart utruleg god, så god at den vart borte før eg kom på at eg burde teke eit bilde av den. Men ta mitt ord for det, du burde prøve denne oppskrifta!

Sjokoladekake med appelsin
150 g smør

300 g sukker

3 store egg

2,5 dl appelsinjuice

100 g kokesjokolade

250 g kveitemjøl

3 ts bakepulver

Rive skal av ein appelsin

Til dynking

0,5 dl appelsinjuice

Sjokoladekrem:

1 ts pulverkaffe

2 ss kokande vann

100 g kokesjokolade

250 g melis

50 g smør

1 egg

Pisk mjukt smør og sukker til smørkrem. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen,  og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl litt og rør deretter inn i smørkremen saman med skalet. Sikt mjøl og bakepulver saman og vend inn i deigen til slutt.

Ha deigen i ei rund form (26 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den ut av kaka. Avkjøl kaka i forma. Så langt kan du med hell førebu kaka dagen før.

Ta kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Del den i to botnar og dynk dei med litt appelsinjuice.

Til sjokoladekremen løyser du først kaffepulver opp i kokande vann. Smelt sjokoladen saman med kaffen i ei lita gryte på låg varme. Pisk mjukt smør saman med melis og egget. Rør inn den smelta sjokoladen. Smør eit lag sjokoladekrem på botnen, legg på toppen og dekk kaka med sjokoladekrem. Pynt med det du syns passar, vi lagde marsipanroser, men du kan gjerne bruke strøssel, riven kvit sjokolade eller mokkabønner.

10 Comments

  1. Hilde says

    God kake! Appelsin og sjokolade er nammmmmmmmm!!

  2. Geir says

    Uffa. Hvor skulle appelsin skallet? Kake I ovnen nå……

    • Håper det gjekk bra! No har eg rydda litt i koden som innlegget var skrive i, oppsettet vart litt tett og rotete, håper det hjelper til å gjere innlegget meir lesbart.

  3. Eva Tandberg says

    Men nå står det ingenting om kaffepulver i ingredienslista, kun I fremgangsmåten for kremen😄

Leave a Reply