Denne kaka vart utruleg god, så god at den vart borte før eg kom på at eg burde teke eit bilde av den. Men ta mitt ord for det, du burde prøve denne oppskrifta!
Sjokoladekake med appelsin
150 g smør
300 g sukker
3 store egg
2,5 dl appelsinjuice
100 g kokesjokolade
250 g kveitemjøl
3 ts bakepulver
Rive skal av ein appelsin
Til dynking
0,5 dl appelsinjuice
Sjokoladekrem:
1 ts pulverkaffe
2 ss kokande vann
100 g kokesjokolade
250 g melis
50 g smør
1 egg
Pisk mjukt smør og sukker til smørkrem. Pisk inn egga, eitt om gongen. Varm opp appelsinjuicen, og smelt sjokoladen i den varme juicen. Avkjøl litt og rør deretter inn i smørkremen saman med skalet. Sikt mjøl og bakepulver saman og vend inn i deigen til slutt.
Ha deigen i ei rund form (26 cm i diameter) med bakepapir i botnen. Steik kaka midt i ovnen ved 180°C i ca 45 minutt. Sjekk med kakenål eller spagettipinne at kaka er gjennomsteikt. Pinnen skal vere tørr når du tek den ut av kaka. Avkjøl kaka i forma. Så langt kan du med hell førebu kaka dagen før.
Ta kaka ut av forma og fjern bakepapiret. Del den i to botnar og dynk dei med litt appelsinjuice.
Til sjokoladekremen løyser du først kaffepulver opp i kokande vann. Smelt sjokoladen saman med kaffen i ei lita gryte på låg varme. Pisk mjukt smør saman med melis og egget. Rør inn den smelta sjokoladen. Smør eit lag sjokoladekrem på botnen, legg på toppen og dekk kaka med sjokoladekrem. Pynt med det du syns passar, vi lagde marsipanroser, men du kan gjerne bruke strøssel, riven kvit sjokolade eller mokkabønner.
God kake! Appelsin og sjokolade er nammmmmmmmm!!
Uffa. Hvor skulle appelsin skallet? Kake I ovnen nå……
Hoi! Det skal i kakerøra, saman med smørkremen. Men den blir god utan og!
Og nå? Står ikke noe om egg i ingrediensene til glasuren… Skal det egg i den likevel? Første kaka mi på 25 år…
Sorry. Det så jeg egget 🙂
Håper det gjekk bra! No har eg rydda litt i koden som innlegget var skrive i, oppsettet vart litt tett og rotete, håper det hjelper til å gjere innlegget meir lesbart.
Jepp. Blir nok bra. Prøver meg på appelsinskallinfusert marsipan som blomster til pynt.
Oooo, deilig! 🙂
Men nå står det ingenting om kaffepulver i ingredienslista, kun I fremgangsmåten for kremen😄
Hups, no er det fiksa!