Grilling, Kjøtt, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Leave a Comment

Raud svinefilet med grilla squash

I denne varianten av svinefilet har eg brukt røykt paprika. Eg veit om folk som har leita etter det ei stund, men ein får tak i det i nettbutikkar som sel krydder, og i spanske og britiske supermarknader. Denne retten kan du veldig gjerne lage på grill, då lar du kjøtet få ein runde på høg varme, før du ettersteiker fileten på indirekte varme til den har nådd ønska kjernetemperatur.

Eg blanda kryddera, og sikta dei over kjøtet. Det fungerer når du vil ha eit raust lag med krydder. La kjøtet ligge med krydderet på i to-tre timar, det gir smak og fin farge.

Eg serverte svinefileten med ein plommesaus og grilla squash. Plommesausen kan serverast varm eller kald, og viss du lagar den som du lagar syltetøy er den langtidsholdbar. Perfekt til svin og til ulike wok-rettar. Slik gjorde eg det:

Raud svinefilet

1 kg ytrefilet av svin

2 ts røykt paprika

2 ts vanleg paprika

2 ts urtesalt

Olje til steiking

Bland saman kryddera. Sikt først eit dryss på tallerkenen, legg så kjøtet oppå krydderet og dryss resten av blandinga over kjøtet. La kjøtet kvile 2-3 timar.

Sett steikeomnen på 180 grader. Varm opp oljen i ei steikepanne. Legg i kjøtet, og la det få farge på alle sider. Paprika inneheld mykje sukker, og kan lett brenne seg. Legg kjøtet i ei eldfast form, og steik det på 180 grader til kjernetemperaturen er 62-63 grader. Det tek i underkant i ein time avhengig av kor tjukk fileten er, bruk steiketermometer. La kjøtet kvile litt etter at det er teke ut av omnen. Server med saltkokte poteter, grilla squashskiver og plommesaus.

Denne sursøte plommesausen er enkel å lage, og smakar spennande og annleis. Sausen kan brukast kald, og er kjempegod til svinekjøt og til kylling. Den kan også brukast til woksaus, ved at du steiker kjøt og grønsaker saman med kvitløk og ingefær, og ausar over nokre skeier plommesaus rett før servering.

Har du ikkje tørr sennep, så bruk ei teskei dijon-sennep.

Plommesaus

1,5 kg blå plommer

1 løk

2 dl lys eddik

2 ts salt

1/2 ts malt ingefær

1/2 ts tørr sennep, Colemans

200 g brunt sukker

Del plommene, og fjern steinane. Finhakk løken. Bland alt i ei gryte, og la det koke i 30-40 minutt på svak varme medan du rører av og til. Smak til om det trengst meir salt, sukker eller sennep.

Når sausen byrjar å tjukne kan du køyre den glatt med stavmiksar, eller ha den som den er. Fyll på glas, og la den stå eitt par veker før du brukar den.

Til svinefileten kokar du ut steikepanna med litt vatn, og rører 2 dl plommesaus ut i sjya. La sausen koke opp før servering, og smak til med salt og peppar.

Leave a Reply