Billig mat, Noko søtt, Safting og sylting, Veggis
Comments 11

Nektarinsyltetøy! Instant suksess…

I desse dagar lanserer Samlaget boka mi Sylting og safting heile året. I høve lanseringa var eg og ein av marknadskonsulentane i Samlaget ute på ein liten runde til bokhandlarane i sentrum, og hadde med bagettar og små syltetøyglas.

Frå dei som fekk nektarinsyltetøy har vi fått begeistra mailar som beskriv nærmast slåsskampar på lunchrommet i bokhandlarbutikkane om dei siste restane av dette deilige syltetøyet. No får du sjansen, nektarinar kostar nesten ingenting for tida, så kjøp ei korg eller tre, og lag ein porsjon nektarinsyltetøy.

Nektarin har blitt ei heilårsfrukt som heilt har utkonkurrert den hårete slektningen sin, fersken. Det er ikkje rart, for han er både søt og god og lett å like. Nektarinen har ein meir aromatisk smak, og mange likar også betre den glatte overflata.

Eg brukar også å lage syltetøy av nektarinar, det er enkelt å lage, og det ferdige syltetøyet er ein smakseksplosjon. Prøv nektarinsyltetøy på vaflar eller bollar, begge delar er like godt.

Nektarinsyltetøy

1 kg nektarinar, reinsa vekt

425 g sukker

1 dl vatn

1⁄2 ts sitronsyre

1⁄2 pakke pektinpulver

Ha dei ferdig reinsa nektarinane, halvparten av sukkeret og vatn i ei gryte og gi det eit oppkok. La det putre i ca. 10 minutt, til frukta er mør. Har du umodne nektarinar kan det hende dei treng lenger koketid. Rør saman pektinpulver og resten av sukkeret, og ha det i gryta medan du rører godt. La det heile koke opp igjen, og la det koke friskt i eitt minutt. Vil du ha eit glattare syltetøy, så stikk stavmiksaren i gryta ein liten runde.

Fyll syltetøyet på reine, nykokte glas.

11 Comments

  1. huftis says

    Kjempeenkelt og kjempegodt. Og ikkje minst veldig fin farge. Eg ser du brukte pektinpulver i denne oppskrifta, men syltepulver i oppskrifta på jordbær- og rabarbrasyltetøy. Kva er grunnen til dette? Korleis veit ein når ein skal brua kva?

    • Det er litt hipp som happ, eigentleg. Pektinpulver gir litt stivare syltetøy. Eg har laga dette syltetøyet med både pektinpulver, syltepulver og syltepulver, alle tre variantar har blitt vellykka. 🙂

    • Det går heilt sikkert fint! 🙂 Dobling kan vere trøblete, men andre vegen går det som regel bra.

  2. Pingback: Ein ny venn « Alt godt

  3. Pingback: Fruktig fredagskveld « Hagen på Hytta

  4. Nå har jeg lest og sett på så mange sylteoppskrifter på nett at jeg er helt ør i hodet, men dette ble jeg veldig nyskjerrig på. Dette syltetøyet skal jeg prøve å lage. Du inspirerer!

  5. Grrr, Gunda – jeg har så lyst på den sylte-og safteboka di, men de har den ikke hos Samlaget. Tips? Har du en kasse på loftet ? Hahaha, veldig morsomt. Men, altså – hvor får jeg tak i boka?

Leave a Reply