Livet
Comments 2

Det fyk om øyrene…

Det er hektisk for tida. Difor er det litt stilt her i bloggen.

I går prøvde eg brudekjolen på nytt, den er like fin som sist! 😀 Og eg er like sikker på at den skal klippast av som eg var då eg kjøpte den.

Elles så går boklanseringa sin gang. Eg planlegg ein tur til dei nynorske festspela i Ørsta/Volda siste helga i juni, så bur du i området kan vi kanskje treffast? Eg kjem til å delta på festspelfrukostane i Ørsta og i Volda laurdag 30. juni.

Men no skin sola, og eg må snart ut i den. Det er berre nokre greier eg må fikse først…

This entry was posted in: Livet

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Lise says

    En kollega hadde med løvetannsirup på jobb før helga, den passa perfekt til vaniljeis. Oppskrift fra boka di :)!

Leave a Reply