Livet, Lykke
Comments 9

Ein ny venn

Eg har tenkt litt på det med vennar i det siste.

Eg får relativt ofte nye vennar. For meg er det lett å knytte meg til nye menneske. Ikkje ukritisk, og ikkje tilfeldig, men eg syns eg er heldig som stadig møter nye menneske som eg kjenner ein forbindelse med, og som eg trivest i lag med.

Min nyaste venn heiter Aster. Då eg sto og prøvde å få overblikk over situasjonen tidleg om morgonen på laurdag i Volda smatt ho inn frå høgre og spurte: Can I help? Ho hadde på seg festspel-t-skjorte, så eg forsto at ho jobba for Dei nynorske festspela. Ja, sa eg, og viste henne korleis ho skulle kutte opp ein nektarin til nektarinsyltetøy.

Fort og greitt hadde ho kutta opp to kilo nektarinar, og ho tørka og rydda og fiksa rundt meg som om ho aldri hadde gjort noko anna. Eg skulle vidare til Ørsta etter ein time, og eg spurte dei som administrerte det heile om eg kunne «låne» henne med meg, og eg spurte henne om ho ville bli med. Det ville ho.

Så samarbeidde vi side om side heile dagen, ho sprang og kjøpte fleire råvarer, ho skumma syltegrytene og vi skravla i veg om det eine og det andre. Når det heile var over rydda vi opp, og så dro vi og spiste saman. Eg køyrde henne heim, og vi tok ein kopp te medan eg viste henne bloggen min og ho fortalde si dramatiske historie om arbeid for FN, fengselsopphald i Eritrea og flukta til Norge. Vi veksla mellom engelsk og norsk, og hadde eg kunna fransk kunne vi ha veksla over til det og for hennar del.

Då eg dro frå Aster den ettermiddagen følte eg meg som eit rikare menneske. Vi hadde utveksla adresser og telefonnummer, og eg har invitert henne til Oslo når det måtte passe for henne. Eg hadde blitt møtt med varme og eit ope sinn, og det var lett for meg å gjengjelde det på same måte.

Eg har hatt fleire slike opplevingar dei siste åra. Fine Elisabeth i nord tok kontakt med meg ein gong ho skulle til Oslo, fordi vi hadde kommentert i kvarandres bloggar. Vi møttest og hadde ein utruleg koseleg dag saman. Etter dette har vi møttest mange gongar, reist til London saman og blitt kjent med kvarandres familie. Eg har venninner som ligg og vakar rundt pensjonsalderen frå hagemiljøet som eg elles aldri ville møtt, men som stiller opp om det er noko, og som verkeleg har betydd mykje for meg. Når Suziluz er i byen møtest vi over eit glas vin eller ein kopp te og delar det meste med kvarandre, til felles glede.

Eg er så glad for at vennar er noko meir enn det som oppsto i barndommen. Begrepet barndomsvennar har ein romantisk aura rundt seg, men vennane eg har møtt i vaksen alder, som har møtt meg slik eg er no og som har blitt ein del av livet mitt er like kjære for meg.

Når vi giftar oss i september skal vi ha mange til bords. Det er fordi det er mange som er viktige for oss, som spelar ei avgjerande rolle i livet vårt og som vi vil dele ein slik dag med. Eg føler meg heldig som har både gamle og nye vennar som gjer livet mitt rikare og meir spennande.

This entry was posted in: Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

9 Comments

  1. Anita K says

    Strålende skrevet – godt beskrevet! Slik er det. 😀

  2. Det er godt å være åpen for andre mennesker. Det er vel da nye møter blir til. Om et par timer beveger jeg meg opp til en kolle i nærheten for å drikke kaffe i det fri med ei slik «nyfunnen» venninne.

  3. Så utrulig koselig å lese.
    Man kan få et utrulig rikt liv om en bare tør å være åpen mot menneskene vi møter 🙂
    Ønsker deg en flott tirsdag
    Klem fra Siv

  4. Veldig koselig blogginnlegg, og godt observert. Vær åpen og grip mulighetene som byr seg for nye kontakter og vennskap, selv om man er blitt godt voksen.
    Anne S

  5. Pingback: Aster og eg « Alt godt

Leave a Reply