Billig mat, Tilbehør, Veggis
Comments 19

Mitt heimelaga urtesalt

Kva skal ein bruke alle desse urtene til? Enkelte av dei kan vekse seg høge på kort tid, og allereie no treng nokre av mine å bli tukta ein smule. Dess meir ein brukar, dess meir avling får ein seinare i sesongen.

Eg brukar å lage urtesalt av mine urter. Det går med mykje urter til ein slik prosess, så når eg kappar ned løpstikke og persille som blomstrar blir eg kvitt ein heil del.

Her er det eg byrja med: Ein bunt ruccola, eit knippe grasløk, masse løpstikke, masse bladpersille, litt kruspersille og nokre salvieblad. Salvien skal blomstre, og då er den så vakker at eg får lage urtesalt av den seinare når den er avblomstra. Den er som hortensia, og blomstrar på fjorårsgrein. Husk på alt det spiselege ugraset vårt og. Både skvallerkål og brennesle kan gå i dette urtesaltet, skyll begge delar godt først, brennesle i vatn som nyleg har kokt opp.

Men ikkje føl deg bunden av mi urteliste. Bruk det du har, og det som er klart akkurat no. Når det er ramsløksesong kan du bruke denne oppskrifta til å lage ramsløksalt, då brukar du berre ramsløk i staden for dei urtene eg har lista opp. Ramsløk kan også blandast med persille, om du har.

Dersom du vil ha urtesaltet sterkare kan du supplere med chili eller litt riven pepparrot. Dette urtesaltet smakar ikkje det same frå årgang til årgang, og det er noko av sjarmen med det. Eg lagar av og til eit fiskeurtesalt, då brukar eg sitrontimian, dill, persille, grasløk og gjerne litt løpstikke. Har du ikkje grasløk kan du bruke ein bunt vårløk.

Fordelen med å lage sitt eige urtesalt, utover det faktum at du får brukt opp urtene, og det er rasande billig, er at du veit akkurat kva som er i urtesaltet. Du slepp å vere uroleg for MSG, gjærekstrakt, skummamjølkpulver, gluten, palmeolje og andre artigheiter som dei store industrielle produsentane har i urtesalt og buljong. For allergikarar er dette den enklaste måten å få eit trygt og velsmakande krydder utan å vere redd for allergiframkallande ingrediensar. Mi venninne med masse allergiar får ein pakke heimelaga urtesalt til bursdag og jul, og er sjeleglad for det.

Urtesaltet kan brukast i alle rettar der du elles ville ha brukt buljong, og på alle rettar der du normalt ville brukt salt pluss krydder. Viss du normalt ville hatt ei teskei salt i ein rett kan du ha i snautt ei teskei av dette urtesaltet. Du treng etter mi erfaring litt mindre fordi det er så intenst smaksrikt.

Bruk endeleg ikkje noko finsleg jålesalt til dette urtesaltet. Dette er ikkje tidspunktet for å ta fram det fine, flaksaltet frå Bretagne. Eg brukar alminneleg finsalt med jod. tidlegare brukte eg grovsalt til dette, men eg fekk det liksom aldri til rett konsistens, Det vart alltid nokre grove bitar med salt som fungerte dårleg når eg til dømes skulle ha urtesaltet på tomatskiver eller salatar. Så eg har konkludert med at det er betre med finsalt.

Slik gjer eg det:

Urtesalt

250 g urter

Ein paprika

Ein stor gul løk

250 g salt

Rens paprika og løk. Del dei i mindre bitar. Rens urtene for dei grovaste stilkane. Ha ein bunt urter, ein neve salt og grønsakene i matmølla, og køyr det glatt.

Ha i meir urter og meir salt, og køyr det på nytt til det er glatt og saltet har løyst seg opp sånn nokolunde. Når dette er ferdig er det ein glatt, grøn graut. Spre grauten ut over eit silikonpapir, og legg det på eit omnsbrett. Sett omnen på 50 grader med varmluft, og sett inn brettet. La ei sleiv stå i døra, slik at fukt slepp ut. Eg brukte bakepapir denne gongen, og det angra eg på. Urtesaltet sette seg fast i papiret, og det var vanskeleg å få av. Bruk silikonbakepapir viss du har det.

La urtesaltet stå til det er tørt, og ser ut som knekkebrød. For meg tok det over natta og litt til. Knus det med ei sleiv viss du vil ha urtesaltet grovt, og i hurtigmiksar igjen viss du vil ha det fint. Då blir det nesten som støv.

Verdas beste urtedressing

1 beger Kesam, lett eller vanleg

1 ts heimelaga urtesalt

1 ts honning

Nokre drag med pepparkverna

Rør urtesalt og honning inn i kesamen. Smak til med peppar. La det stå litt før servering. Bruk denne dressingen til pastasalat, til potetsalat eller til ein blanda grøn salat.

This entry was posted in: Billig mat, Tilbehør, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

19 Comments

  1. Mmmm det så godt ut.
    Trur jeg må prøve på det etterhvert som sommeren utvikler seg her hos oss og
    Ønsker deg en flott helg
    Klem fra Siv

  2. Hvor lenge holder det? Hvis jeg lager det nå, kan jeg f.eks. gi det bort til jul?

    • Ja, det held seg kjempelenge. Eg brukte nettopp opp siste fløsa av mi forrige ladning, som eg lagde for to år sidan. 🙂

  3. Pingback: Hjemmelaget urtesalt | Nakne kvinners oppskriftsamling

      • okey…..smaker salt,bare att skadelige stoffer er trekt ut.På en blindetest ville du ikke smakt forskjell!

      • Det kan eg love deg at eg gjer. Men vi er forskjellige, mange kjenner kanskje ikkje forskjell. Eg har nok litt følsomme smaksløkar. 🙂

  4. Pingback: Slik lager du urtesalt! (Rask måte å nytte urtene før frosten slår til!) | Moseplassen

  5. Margit says

    Dette skal jeg klare! Er det bare tull å dele opp urtene, eks persillesalt, oreganosalt etc?

    • Det kan du godt, men eg likar betre å samle dei «tematisk». Forrige helg lagde vi eit italiensk urtesalt, det var med grasløk, kvitløk, timian, basilikum, rosmarin og oregano. Det fekk eit deilig, distinkt italiensk preg. Eg har også laga fiskekrydder, med persille, dill, grasløk og sitronskal. Men har du masse oregano kan du jo lage eit pizzasalt. 🙂 Kanskje supplere med litt timian og basilikum?

      • Margit says

        Takk kjære Gunda, tematisk var lurt:) Alt godt til deg også❤️

  6. Takk for konkret tips om hvilke urter som egner seg tematisk sammen! Var litt usikker på om jeg skulle ta med gressløk i blandingen, men nå gjør jeg det. Urtesalt blir dagens prosjekt: Det er varslet snø hos oss i morgen, så urtebedet høstes i løpet av dagen.

  7. Pingback: Moseplassen - livet i hagen | Slik lager du urtesalt! - Moseplassen - livet i hagen

  8. Ida says

    Takk for oppskrift. Lagde denne i går med urtene: Løpestikke, bladpersille, persille og gressløk. kjempegodt 🙂

    • Så bra! Ja, det er eit deilig universalkrydder som er fint å ha utover hausten og vinteren. Eg lagar så stor batch at eg gir bort små glas i julegåve, det er alltid populært.

  9. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  10. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Leave a Reply