Billig mat, Grønt, Noko søtt
Comments 6

Siste sjanse!

Hylla var sein i år, men no blømer ho på vestlandet og nordover, og syng på siste verset. Så denne helga må du kome deg ut for å plukke hylleblomar, det er sist sjanse denne sommaren!

Sunnmøringane er priviligerte som har svarthyll ved kvar ei husnåv, her i Tigerstaden er den vanskeleg å finne. Eg har funne ein svarthyll på Ekeberg,  og så veks det ein liten skog på Carl Berner. Det var der eg fekk plukka i år. På Leikong har vi ein diger svarthyll i hagen, og det er som å rappe godteri frå småungar å lage nydeleg saft både av blomar og bær.

Styr unna raudhyllen. Den er lett å skilje frå svarthyllen ved at den har blomar som lange duskar, nesten som syrinblomar, medan svarthyllen har flate blomebukettar, nærast små paraplyar. Dessutan blømer raudhyllen før svarthyllen. Når bæra kjem er det endå enklare å skilje dei frå kvarandre ved å sjå på bærfargen, men blomesafta er meir spennande på smak og lettare å bruke,v så utfordringa er å sjå kva som er svarthyllblomar. Du kjenner dei på den deilige, aromatiske honninglukta, som angar av sommar.

Svarthyll har medisinske verknader seiest det, den skal verke vassdrivande og mildt bakteriedrepande. Difor har både saft av blomane og bæra vorte brukt mot forkjøling. Blomane er rike på flavonider og mineral, mellom anna kalium.

Hylleblomstsaft skal vere syrleg og ganske søt, safta skal tole å bli utspedd. Og dess søtare den er, dess betre held den seg. Syra frå sitronane og sitronsyra er med på å balansere søtsmaken og blomesmaken, elles kan smaken bli emmen.

Det viktigaste for å få saft til å halde seg er at den er oppkokt, at den er søt og god og at den vert fylt på sterile flasker. Køyr flaskene i oppvaskmaskina, skyll dei gjerne ekstra, og legg dei i steikeomnen ei stund på 100 grader. Korkene kan du koke i reint vatn. Ha ørlite Atamon på kvar flaske før du fyller safta på. Då er du sikra frisk, myglfri saft til godt over neste sommar.

Hylleblomstsaft

50 klasar (ca. ein halv bærepose) hylleblomster

4 sitronar

2,5 liter vatn

3 kg sukker

75 g sitronsyre (kan bytast ut med vinsyre, sjå på pakken, og smak deg fram)

Legg blomane i eit kar av plast, og slå vatnet over. Skjer sitronane i skiver, og ha dei i karet. La det stå i to dagar. Sil frå blomane og sitronane gjennom eit klede (pass på at det ikkje er vaska med skyllemiddel!), og ha ”safta” over i ei gryte. Kok opp, og saml opp det som kjem til overflata. Sil det gjerne ein gong til.

Rør i sukkeret og sitronsyra. Kok opp, og skum av igjen. Smak om det skal meir syre eller sukker til. Hell safta på reine, sterile flasker med ein knivsodd Atamon. Kork flaskene, og oppbevar dei kjølig.

Når du lagar saft kan du lage gelé av ein del av safta. Hylleblomstgelé er godt på sterke ostar, til ein god viltapaté eller ganske enkelt på vaflene. Slik gjer du det:

Hylleblomstgelé

1,5 liter hylleblomstsaft

1 pakke pektinpulver

50 g sukker

Kok opp safta. Bland sukker og pektinpulver, ha det i den kokande safta og la blandinga fosskoke i eit minutt. Hell geléen på reine, sterile glas, og skru på loket med ein gong. La den stå kaldt nokre dagar. Er geléen ikkje stiv etter to-tre dagar så ikkje gje opp. Berre la den stå, min brukte nærare ei veke på å bli skikkeleg stiv.

Hylleblomstsorbet lagar du av ferdig søta saft. Eg har ismaskin, då går det lett som på ein plett å lage denne sorbeten. Slik gjer du det:

Hylleblomstsorbet

0,3 liter hylleblomstsaft

0,3 liter vatn

Skal av ein sitron

Riv sitronskalet, pass på at du ikkje får med det kvite frå sitronen. Bland safta med vatnet, og ha i sitronskalet. Har du ismaskin så køyrer du den med blandinga i. Har du ikkje, så heller du blandinga i ein metallbolle, og set i frysaren.

Ta bollen ut ca. kvar halvtime, og rør i den med ein gaffel til den har blitt ordentleg frosen.

Server saman med ein jordbærsorbet til tynne fine pannekaker eller på toppen av ein brownie.

This entry was posted in: Billig mat, Grønt, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Hyll er gull verd hos oss.
    Har funnet Hyll flere plasser her i Tvedestrand i år, og laget 2 ommganger m saft, og en med gele.
    Har også kokt inn saft til sirup.
    Det er en stor glede med markens grøde.

  2. Pingback: Svarthyll ‘Black Lace’. Nydelig bladverk, nydelige blomster og nydelig saft! | Moseplassen

  3. Kristin says

    Elskar hyllblomesaft! Er det forskjell i smaken på saft av vanlege svarthyllblomar og black lace? Eller er det berre fargen? 😊

    • Hei, og beklagar seint svar! Eg har dessverre ikkje prøvd med blomar frå Black lace, men no har eg planta ein slik sjølv, så om eit par år kan eg prøve. 🙂 Det var lite bløming i år, dessverre.

Leave a Reply