Ferie, Noko søtt
Comments 4

Min greske frukost

Slik er den, stort sett kvar dag:

To-tre rause spiseskeier gresk yoghurt. Kva er så vanskeleg med å få lagd dennne yoghurten til ein fornuftig pris i Norge? Eg forstår det ikkje. Den er så nydeleg!

Ein liten neve hasselnøtter.

Det du måtte ha av frukt. På bildet har eg faktisk tørka bananar, men nektarinar, fersknar eller aprikos passar veldig godt.

Ringle over flytande honning etter smak.

Nyt! 😀

This entry was posted in: Ferie, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Åhhh høres magisk ut! Nøtter er jo et godt tips!
    Når jeg har vært på Harryhandel i Sverige har jeg fått den Tyrkiske bøtta med yoghurt (like god synes jeg) til halve prisen av her i Norge. 🙂

  2. Kristbjørg Dale Bolstad says

    Bær er faktisk bedre og sunnare til denne youghurten enn frukt! Heimelage frukostblanding over er også godt! Enig med deg at den burde vore billigare tilgjengeleg i Norge, men du veit, alt som er sundt er dyrt!

    • Heilt enig, Kristbjørg. Men det er dårleg med bær her i Hellas for tida. Men vi gler oss til å kome heim, og ete norske bringebær og blåbær! 🙂

  3. Rema 1000 har kilospann med gresk og tyrkisk yoghurt til ca 40 kr. Ikkje så dyrt i mine auge, I alle fall samanlikna med pris på smakssatt yoghurt.

    Eg gjer det enkelt, med litt syltetøy i staden for bær/frukt og kjøpemusli på toppen.

Leave a Reply