Billig mat, Fisk, Grilling, Mat, Middag, salat, Sausar og dippar
Comments 2

Laks med sprø salat

Sjølv om kalenderen viser september skin sola rett som det er. Då gjeld det å nyte varmen og lyset så lenge det er her.

I butikkane finn du lekre rotfrukter, frukt og bær, så du kan også nyte smakane av sommaren og. I dag har eg lagd ein lekker lakserett der eg brukar rotfrukter som salatgrønsaker. Då får du ein sprø, frisk og smaksrik salat som også mettar godt. Eg serverte laksen åleine saman med salaten og ein urtesaus, men du kan og servere poteter eller byggris til.

Laks er vår tids fastfood, spesielt dei fileterte lakseryggstykka som du får kjøpt vakuumpakka og ferdige, klare for ein kjapp middag. Det har kome torsk i same type innpakning, så ferske, lettvinte fiskemiddagar er enkelt å få til, sjølv om det er billigare å filetere fisken sjølv. Filetert fisk treng minimal varmebehandling, og middagen er klar til servering på fem minutt. Det betyr at du bør vente med å lage til laksen til salaten og urtesausen er klar. Slik gjorde eg det:

Laks med sprø salat

800 g laksefilet

Smør til steiking

Salt og peppar

Tre neper

Ein agurk

To grøne eple

Ein bunt reddikar

To vårløkar

Ein neve ruccola

Sitronsaft

Olivenolje

Salt og peppar

Skrell nepene, epla og agurken. Kutt i ganske små terningar. Skyll reddikane, og kutt av topp og botn. Kutt den og i like små terningar. Skjer vårløkane i tynne ringar. Bland alt saman, og vend inn ruccolablada. Salte og pepre salaten. Kryst sitron over, og ringle over olivenolje.

Del laksefileten i porsjonsbitar, og dryss på salt og peppar. Varm opp smøret i ei steikepanne, og steik laksefiletane i to minutt på kvar side. Du kan også grille laksen, om du har grillen varm. Server med urtesaus.

Urtesaus:

1 beger kesam

1/2 ts salt

1/2 ts honning

Ein neve finklipte urter, eg brukte persille og basilikum

Ha kesam i ein bolle, og rør inn alle ingrediensane. La urtesausen stå litt, og smak eventuelt på den på nytt for å sjekke om det trengst meir salt eller litt peppar, kanskje.

2 Comments

  1. Tove Skrede says

    Dette var berre nyyydelig! Bytta ut basilikum med timian, det var det eg hadde. Er stor fan av deg og spalta di i Sunnmørsposten. Det er alltid velsmakande rettar bygd på ingrediensar du har eller er lette å få tak i!

    Legg du alle oppskriftene som har stått i avisa inn på bloggen din?

    Helsing Tove

    • ja, du vil alltid finne oppskriftene mine her etter at dei har vore i Sunnmørsposten. 🙂

Leave a Reply