Bokprosjekt
Comments 2

I dag! På tv!

(Puh, denne gongen gløymde eg ikkje å seie frå.) I ettermiddag, sånn i sekstida, er eg på tv igjen!

Denne gongen er eg til og med på eigne bein, utan Hanne på Høyden som støttekontakt. Det vert i overkant spennande, men det går sikkert bra.

Eg skal lage urtesalt, eg skal sylte tomatar og så må eg vise nektarinsyltetøyet ein gong til, for det er så lett.

Så om du har lyst til å sjå meg på tv, så skru på NRK1 klokka seks. Har du søvnproblem går programmet i reprise klokka 05:00 (!!) torsdag morgon, og for dei heimeverande går det i reprise klokka eitt på torsdag. Heng på!

This entry was posted in: Bokprosjekt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Hei Gunda, eg har sett deg fleire gonger på tv der du har laga syltetøy – du er flink å formidle. No har eg laga tomatmarmeladen din og den vart kjempegod. Skal prøve han på nokre gode ostar i helga og reknar med det vert suksess. Meir umodne tomatar har eg i drivhuset og.

    • Så heldig du er som har grøne tomatar! 🙂 Eg måtte forlate mine i Bergen, så eg har ingen å lage marmelade av i år. Men kanskje til neste år?

Leave a Reply