Bryllup, Fest, Grønt
Comment 1

Borddekkinga

Vi har fått mange gode ord om bordekkinga, og folk syns at det var pent pynta i salen der vi hadde festen.

_MG_2883Det er hyggeleg å høyre, for det er noko av det som eg la mykje arbeid i. Eg hadde hjelp av  forlovaren min, Ovedia, og Marianne, ei veldig flink dame som har gjort ein god del interiørstyling, men tinga vi brukte var i all hovudsak ting som eg har samla på meg gjennom det trekvarte året som har gått sidan vi bestemte oss for å gifte oss. Sjølve borddekkinga hadde Elisabeth hovudansvaret for.

_MG_2873Kjære Ovedia og eg handla inn blomar på onsdag. Då kjøpte vi fire bukettar raude roser, ikkje dei største, og så kjøpte vi ein stor bukett av dei store oransje rosene med raude kantar. I tillegg kjøpte vi svarte bær, grøne og svarte strå, raude alstromeria, mørkeraude krysantemum og store grøne hortensiaballar med raudlege kantar.

Blomane fekk først ei natt i romtemperatur, slik at dei byrja å springe ut. Frå torsdag til fredag sto dei i vår kjellar, kjøleg og mørkt. Dei oppførte seg eksemplarisk, og ingen hang med hovudet då Ovedia byrja å jobbe med bukettane på fredag. Desse blomane vart anretta i gamle blekkteboksar som eg og stylisten Marianne har samla gjennom mange år.

_MG_2899Ovedia brukte små glas inni boksane, for denne typen boksar lek, dessverre. Der det var plass brukte ho stilkholdarar i glas eller piggputer i metall for å halde stilkane i den vinkelen ho ville ha dei.

Frå fredag til laurdag sto dei på kjølerommet saman med drikkevarer, bryllupskaka og mykje anna som skulle brukast på festen. Dei flinke damene som holdt orden på kjøkkenet og det meste anna satte dei ut på borda og alle andre plassar som skulle dekorerast på sjølve dagen.

_MG_2914_1Lysa var plassert dels på små sølvplettfat, dels i søte, små likørglas og dels i sølvplettstakar. Rammene på bordet har eg også samla over tid, borda fekk namn etter quizlag som vi omgås eller er med på. Hekledukane er samla inn frå vennar og familie. Dukane er laken frå IKEA. Serviettane syns ikkje så godt, men dei har monogrammet vårt stempla på. Fint, ikkje sant?

This entry was posted in: Bryllup, Fest, Grønt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. utførlig Varme VENE detaljer gav meg god og velkommen følelse..Var heldig med alle bordvenane mine og og ein GLA OG FORNØGD GUDFAR eg…
    såå eg kosa meg heile tida..kvelden gjekk berre så altfor fort..KM og HP ville heim litt i tidlegaste laget, men..men..
    Livet blir til mens vi lever…Sånn e d jo? eller+++
    Såå eingong tel: HJERTELEG VELKOMEN T OSS ! NO, KJETIL-KAREN VÅR………..

Leave a Reply