Bryllup, Lykke
Comments 11

Til min kjære

Kjære Kjetil,

Kva er det du gjer med meg? Kva er det som gjer at eg kjenner langt inn i sjela at eg vil vere saman med deg for resten av livet?

Det er ikkje alltid så lett å sette ord på denne kjensla, dette behovet for å ha nettopp deg saman med meg. Men eg kjenner det. Eg kjenner det når du er ute på farten, og eg ventar på at du skal kome heim. Eg kjenner det når du held rundt meg og gir meg akkurat det eg vil ha og treng.

Eg kjenner det når du svarer ærleg når eg spør deg om noko. (For det har eg lært meg gjennom eit langt liv, ein må aldri stille eit spørsmål som ein ikkje er budd på å ta imot eit ærleg svar på.) Eg kjenner det når du stiller opp for meg, når eg virkeleg treng deg. Og ikkje minst, du let meg stille opp for deg, og gi deg det du treng.

Ekstra godt kjenner eg det når vi syklar heim frå Bohemen saman fredag kveld. Å sykle opp Ullevålsvegen er tungt, det veit alle som har prøvd det. Men når eg syklar saman med deg så legg du den sterke handa di i korsryggen min og så gir du meg ekstra fart opp bakken. Di kraft gjer at eg kan gire ned i femte gir, og eg kjem meg opp bakken dobbelt så fort som eg gjer åleine.

Men mest av alt kjenner eg det når du slepper taket, når handa di ikkje ligg der i korsryggen min. Då kjenner eg at noko manglar. Alt blir så utruleg mykje tyngre. Vinden eg hadde i ryggen er borte. Krafta mi er borte. Eg må jobbe dobbelt så hardt utan deg.

 Og det er det du er. Du er vinden i ryggen min. Du er støtta mi. Du er min beste venn, kjæresten min, og no også mannen min. Du er  der alltid for meg. Du gjer meg sterkare, gladare og bedre. Eg elskar alt du er. Eg elskar deg.

This entry was posted in: Bryllup, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

11 Comments

  1. Guro says

    Åh, for et nydelig bilde på kjærleiken ! <3

  2. Jeg gråt da du holdt talen, og jeg er ikke langt unna nå heller… Vakkert, fineste du. Dere er heldige, begge to 🙂

  3. Anne-Ma says

    Ser nesten ikke hva jeg skriver, – ble så rørt. Nydelig Gunda.

  4. Arna says

    Nå sipper jeg igjen… og jeg som akkurat har kommet meg etter den flotte festen og opplevelsen…

  5. Godle says

    So fine ord. So vakre dei var, – orda og paret.

Leave a Reply