Billig mat, Eplekaker, Kaker, Noko søtt, Veggis
Comments 5

Den beste eplekaka

Det bugnar av eple akkurat no, og eg har ein hage eg kan gå på slang i med samtykke, så eg er heldig.

Epla lagar eg mos av, eg saftar dei og eg bakar deilige eplekaker. Denne vart spesielt god, den er lett krydra, og i tillegg er den laga med bruna smør, slik eg tidlegare har gjort med mi plommekakeoppskrift. Det gir ein ekstra fyldig og god smak. Den er fri for egg, i tilfelle du har eggeallergikarar i familien er den perfekt å lage når dei kjem på besøk.

Den beste eplekaka lagar du fort og enkelt, det som tek lengst tid er eigentleg å brune smøret. Det kan du gjere på førehand om du vil, men eg gjorde det medan eg rensa epla. Det tek si tid når ein både skal fjerne kjernehuset, stilk og blomst og så skrelle dei. Eg har ikkje fått meg ein slik fiffig eplemaskin enno, det burde eg kanskje. Men dei slangepla eg får er så uregelmessige i forma at eg trur eg ville slite med å få køyrt dei gjennom skrellemaskinen.

Husk at det kun er meierismør som gjer susen i denne oppskrifta. Å brune margarin er ganske enkelt ikkje særleg vellykka, syns eg. Det franske smøret du finn i butikkane no er heilt greitt å bruke. Eg har krydderet i smøret medan det brunar seg, då blir ikkje smaken så markant, men likevel til stades i kaka. Slik gjorde eg det:

Den beste eplekaka

175 g smør

225 g kveitemjøl (ca. 3,5 dl)

200 g sukker (ca. 2,5 dl)

1,5 dl mjølk

1 kanelstang

1 stjerneanis

1,5 ts bakepulver

1/2 ts salt

3-4 eple

Sett omnen på 200 grader. Gjer klar ei lita springform, ca. 20 cm, ved å legge bakepapir i botnen, og å smøre kantane med smør og å drysse dei med mjøl som du ristar ut av forma til slutt. Du kan bruke vidare former og, men då blir kaka ikkje så høg og fin.

Ha smøret i ei tjukkbotna gryte saman med kanelstanga og stjerneanisen, og la det koke på middels varme til smøret har fått ein gyllen farge. Rør i det av og til, slik at det ikkje brenn seg i botnen. Når det har fått den fargen det skal ha, set du det til side.

Skrell epla, fjern kjernehus, stilkfeste og blomst, og del dei i båtar.

Bland saman mjøl, sukker, bakepulver og salt i ein bolle. Fisk ut krydderet av smøret. Slå mjølka oppi smøret, og hell det oppi mjølblandinga medan du rører godt. Hell røra i kakeforma. Legg epla nedi forma, så mykje som du berre får plass til.

Steik kaka på 200 grader i ca. 30 minutt. Sjekk med kakenål eller ein spagettipinne om den er ferdig. Den er ferdig når pinnen kjem ut utan kakerøre på seg, og kaka er gyllen og fin. Server kaka med vaniljesaus, piska krem eller vaniljeis. Vaniljekesam er også godt til.

5 Comments

  1. Lovise says

    Ja, dette er ei god kake! Eg har prøvd oppskrifta di. Men eg er ikkje samd i at dette er den beste. Den beste eplekaka er etter mitt syn tarte tatin. Då snakkar me karamell, søtt, salt og syrleg! Og smør må me ha – ikkje margarin i tarte tatin heller.
    Så no utfordrar eg deg, Gunda: Kan du smelle i hop ei tarte tatin?

  2. Eg har ikkje prøvd eplekaka men no sit eg med ein haug epler eg må redde! Me klarer ikkje ete allt dette! Difor spør eg, korleis går det å fryse denne kaka? vert kaka god når eg tar ho opp att?

    • Kaka toler godt å bli frosen, men den kan også oppbevarast i ein lufttett boks i fire-fem dagar. Ta den biten du vil servere til kvart måltid, og varm den litt i mikro eller vanleg omn før servering. Viss du frys ho, og skal ha henne til «ettermiddagskaffen», altså ikkje servere den heile i ei servering, kan du også fryse den i bitar (ei kvart kake, til dømes) i ziplock-posar. Då tiner du berre så mykje du treng kvar gong.

  3. Hei, Denne skal jeg også prøve meg på:-) Omtale av kokeboka di Smalhans hos meg i dag:-) Fin tirsdag! klem Siv:-)

  4. Ein tar det ein har. Eg hadde berre kokosolje (pluss nokre skvettar rapsolje) og nokre altfor gamle eple. Men det vart veldig god kake for det! Måtte steika ho ein del minutt lenger, men ho heva seg kjempefint, og smaken var ikkje noko å seia på. (Kutta forresten ut stjerneanis, då eg ikkje kan fordra det.) Veldig fint at ein kan laga kjempegod kake av eple som er så gamle at dei ikkje er noko særlig å eta rå.

Leave a Reply