Billig mat, Noko søtt
Comments 6

Den klassiske havregrauten

Året har flest kvardagar, og kva er meir kvardagsleg enn eit måltid graut?

No lurer du vel på om eg har gått heilt ut på dato, og det har eg kanskje. Graut er vel omtrent så umoderne som det er mogeleg å vere. Men slikt bekymrar ikkje meg, eg er glad i graut, og det er dei eg bur ilag med og. Så her i huset vert det rett som det er servert graut.

Havregraut er det aller enklaste å lage, iallfall viss du brukar lettkokte havregryn. Det er den perfekte frukosten, særleg viss familielogistikken har svikta, og ein står der utan brød ein tidleg morgon. Då er det enkelt og lettvint å lage ein mettande graut, slik at alle kan gå ut i verda mette, glade og fornøgde.

Mange eg kjenner svergar til å bruke mikrobølgeovnen når dei lagar morgongraut. Det fungerer viss ein lagar til ein, til fleire er ikkje mikrobølgeovnen så praktisk. Å lage havregraut i mikrobølgeovn har ein stor fordel, den kan stå utan at du rører i den. Det betyr at du kan sette den i omnen medan du held på med andre ting. Eg syns ikkje mikrograut smakar like godt, den blir liksom ikkje så glatt og fyldig som graut du kokar i ei gryte. Men er det krise så er det betre med mikrohavregraut enn ingen havregraut.

Eg lagar alltid havregraut med mjølk, og med litt salt og sukker i grauten. Når grauten er bittelitt søt frå før brukar eg mykje mindre sukker på grauten, så eg har ein (kanskje fiks) idé om at eg brukar mindre sukker totalt på den måten. Når det gjeld koketid kan den variere litt frå ovn til ovn. Mitt tips er at du prøvar deg fram med din eigen ovn, og finn den perfekte koketida.

Brukar du mikrobølgeovn, så reduser mjølkinnhaldet. Med mjølk kokar den nemleg lett over. Du er sikrast suksess med havregraut i mikroen med å lage den med berre vatn. Slik gjer du det:

Mikrohavregraut
3 dl vatn
Snautt 2 dl lettkokte havregryn
1/4 ts salt
2 ts sukker

Ha alt i ei skål, og rør godt. Trekk plastfolie over skåla, og sett den i mikrobølgeovnen på full effekt i 4-5 minutt. La grauten stå nokre minutt. Rør godt, og spis grauten med sukker, smørauge og eventuelt kanel eller rosiner viss du likar det.

Vanleg havregraut

Ha ingrediensane i oppskrifta over i ei gryte, men bytt gjerne vatnet ut med mjølk. Det gir ein meir mettande og velsmakande graut. Sett varmen på litt under full guffe. Rør medan grauten kokar opp, skru av varmen og la den småputre i to-tre minutt med lokk på.

This entry was posted in: Billig mat, Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

6 Comments

  1. Jeg spiser havregrøt hver morgen akkurat nå om dagen. For tiden tilsetter jeg svisker, kanel og melk når grøten er ferdigkokt. Det smaker godt, metter og oppleves som en solid måte å begynne dagen på.
    Ønsker deg en god tirsdag!

  2. Eg er einig i det du skriv! Eg har gjerne litt sukker i både graut og pannekaker. Det rundar av smaken, og ein drysser ikkje store mengder oppå!
    Elles har eg gitt deg ei utmerking på bloggen.

  3. Hei, Ja havregrøt er toppen – vi er en grøtelskende familie. Jeg er glad i bær eller syltetøy på grøten mens minstejenta er super fornøyd med sukker, smør og kanel. God helg! klem Siv:-)

  4. Marit says

    Her består hverdagsfrokosten av havregrøt av melk med litt peanøttsmør og en halv banan. Ikke sukker eller salt i det hele tatt, saltet i peanøttsmøret er nok, og sødme fra banan og melk. Blir ikke lei.

  5. Hurra for havregrøten! Jeg bruker rismelk i stedet for vann eller melk. Ganske søtt, så man slipper å sukre. Og så er det et flott alternativ om man ikke liker/tåler vanlig melk så godt og synes vann blir litt tynt. En neve blåbær eller bringebær over ferdig kokt grøt er ikke å forakte. Og tipset med banan og peanøttsmør skal jeg definitivt teste!

Leave a Reply