Drikke, Fest, Jul, Mat
Comments 3

Kvit gløgg/eplegløgg

Det er ein gløgg basert på eplecider og kvitvin, og har ein lettare, ”vaksnare” smak enn den vanlege raude. Den er fin som aperitif på ein førjulsfest, eller på termos når du skal ut på tur i skogen. Du kan også lage ekstraktet med kvitvin viss du vil.

Slik gjer du det:

img_0027Gløggekstrakt

5 dl eplecider (du kan bytte den ut med eplejuice viss du vil)

3 ss brunt sukker

Fire klementiner

Ein bit ingefær

Ein stjerneanis

10 nellikspiker

To kardemommekjerner

Ein bit kanelbork

Ha eplecideren i ei gryte, og varm den opp. Knus kryddera, og ha dei i saman med brunsukkeret. Del klementinene i to, press ut safta, og ha både saft og skal i gryta. La det heile trekkje på svak varme i ein halvtime. Trekk gryta av plata, og la den stå til den har kolna. Sil frå alt rusket.

Varm opp 2 liter cider og ei flaske kvitvin i ei gryte. Ha i ekstraktet. Smak til om du syns det trengst meir sukker. Server gløggen i pene glas med ei klementinskive som pynt på glaset. Velbekomme!

3 Comments

  1. Hei, Ja dette høres jo helt himmelsk ut. Adventsklem Siv:-)

  2. anne verlo says

    Hei hei. Eg har ei oppskrift som er veldi lik denne! kjeeempegod. tenkte no å lage denne til nokon som ein liten julepresang..men eg er usikker på holdbarheten. Veit du noko om dette? anne 🙂

    • Ekstraktet har holdt seg kjempelenge hos meg. Ein gong ei venninne og eg lagde ein stor porsjon, vart ei halvlitersflasker som det hadde vore Solo på blitt ståande i kjøleskapet til utpå vårparten. Fjortenåringen, som då må ha vore tre-fire år var tørst, og opna kjøleskapsdøra. Der såg han denne brune soloen. Før eg rakk å tenke meg om, hadde han teke flaska, opna den og teke ein slurk. «Mmm, pepperkakebrus!», sa han, og skrudde korka på igjen. Eg sleit litt med å halde meg alvorleg.

Leave a Reply