Billig mat, Supper, Veggis
Comment 1

Med godt skal vondt fordrivast!

Har influensaen teke deg? Då treng du noko varmande og godt å spise, som er lett å få i seg.

Det slår ikkje feil, sesongen for influensa, svineinfluensa og forkjøling renn inn over oss gjennom heile vinteren. Med eller utan vaksine så skal det noko til å stå imot desse smittebygene. Her i huset satsar vi på sengeleie, hostesaft og smaksrike supper. Noko av det viktigaste når ein ligg der i feber er nemleg å få i seg væske.

Enkelte svergar til løk. Dessverre er rykta om at avskoren løk syg til seg bakteriar og virus usanne, men løken er ei flott grønsak som passar perfekt i ei styrkande suppe. Dei naturlege partnerane til løk er kvitløk og stangselleri, eg fann ein rest av stangselleri bakerst i kjøleskapet som det faktisk framleis var liv i. Stangselleri bør ein alltid ha, det gir deilig smak og konsistens til supper og gryter.

Men hovudgjesten i dag er dei små kvite bønnene som kallast canellini-bønner. Dei får du i pakkar ferdig kokte og bløytte, men du kan også kjøpe dei tørka i sjaktlar. Det er meir økonomisk, men tek meir tid, dessverre. Storleiken lyg, dei skal både ligge i vatn og koke lenger enn andre bønner. Men når du først har teke deg tid til dette så smakar dei nydeleg, og gjer at denne suppa vert kremete og delikat, sjølv om den er heilt fri for mjølk, fløte og rømme.

Er du så heldig som eg er, at du har ein trykkokar, så går koketida fortare. Dei små kvite bønnene bør framleis bløytast over natta, men det held å koke dei i tjue minutt på full fres, så er dei møre. Trykkokar er smart til mange ting, du lagar nydeleg fårikål på 40 minutt viss du har ein slik.

Dei kvite bønnene får selskap av spinat, som er full av jern, folat og vitamin A, C og K, for å nemne noko i full fart. Denne kombinasjonen av kvite bønner og spinat finn du i mange variantar i Italia, og dagens suppe er sterkt italiensk-inspirert. Slik gjer du det:


IMG_2895Italiensk suppe med kvite bønner og spinat 

250 g kvite canellini-bønner, tørre

(eller to pakkar bløytte og kokte kvite bønner

2 ss olivenolje

1 gul løk

3 stilkar stangselleri

3 fedd kvitløk

1 liter vatn

2 ss grønsaksfond eller 2 terningar grønsaksbuljong

½ ts svart peppar, malt og salt

1 pakke spinat

Legg bønnene i bløyt i rikeleg med vatn over natta. Kok dei møre (det tek mellom ein og ein og ein halv time) i usalta vatn. Hell av kokevatnet, og sett dei til side.

Finhakk løk, kvitløk og stangselleri, og ha det i ei gryte med olivenolje. La det frese nokre minutt til det er mørt og blankt, og luktar fantastisk. Slå på vatn og fond, ha i peppar og la det koke nokre minutt til.  Ha i dei kvite bønnene, og la det koke 10 minutt. Ta unna eit par auser med bønner og grønsaker, og ha det i ein bolle. Køyr det som er att i gryta til ei glatt suppe med stavmiksar eller i blender. Skyll og tørk spinaten. Hakk spinaten grovt, og ha den i suppa. La det stå to-tre minutt på låg varme, det skal berre trekke.

Aus opp suppa i djupe skåler, og legg i ei skei med bønneblanding frå det du tok til side. Du kan rive litt parmesan over viss du vil, det gir ein deilig tilleggssmak. Server suppa med grilla brødskiver. Hell olje i ei grillpanne, og grill vanlege brødskiver nokre minutt på kvar side til dei er gylne og fine.

God bedring!

This entry was posted in: Billig mat, Supper, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

1 Comment

  1. Ah! Dette må jeg prøve. Merkelig nok er hvite bønner, stangselleri og spinat noe av det beste jeg vet om, men har aldri prøvd det sammen! For en smart oppskrift.

Leave a Reply