Noko søtt
Comments 7

Eit matmysterium

Sjølv om påska er over så hender det at det oppstår mysterier rundt omkring.

Eg fekk eit på mail her om dagen, slik lyder det:

Hei,

Min svigerfar fra Sunnmøre har en søster som hadde fortalt at hun var blitt servert en tynn tynn kjeks som man nesten kunne se igjennom, hun mente den ble kalt blonde kjeks. Har prøvd å Google men får ikke opp noe. Det er visst en gammel Sunnmørs oppskrift. Min svigerfar har veldig lyst å smake disse kjeksene som det nå går gjetord om. Så da lurer jeg på om du vet hva dette kan være og om du har en oppskrift slik at jeg kan overraske min snille svigerfar? De var visst runde, stekt i jern??

Eg kjenner ikkje til dette, så eg må ty til mine kloke lesarar. Er det nokon som har høyrt om desse kakene/kjeksa?

This entry was posted in: Noko søtt

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

7 Comments

  1. Mokki says

    Er det ikke blondekaker det er snakk om? En tynn småkake med masse sukker som nærmest blir som karamell, mener tanta mi bakte dem med nøtter men ser det er havre i noen av oppskriften jeg får treff på. Minner om havreflarn men får sånn hullemønster.

  2. Eg lurer på om det kan vere Strandabakelse, både eg og Margaret kjem frå Stranda – her er bakelse omtala på hennar matminneblogg
    http://margaretemdal.wordpress.com/2012/01/19/bakelse-strandabakelse/
    I vår familie var det Tante Sigrid som sytte for at vi alltid hadde bakelse, dei vart servert i ein høg stabel på stettafat.
    Nokre serverte bakelse som var smurde eit tynt lag smør og strødde gjerne sukker på og delte dei opp slik Margaret sitt bilete viser.
    Bakelse er mindre større enn krumkake og mykje tynnare, Tante Sigrid var veldig nøye på at dei skulle vere svært lyse – og difor endå meir gjennomsiktige.
    Mvh
    BenteOO

  3. 😀 har visst gått glipp av ordet «blonde» i innlegget! – men no veit kanskje litt fleire om Strandabakelse og Margaret sin matminneblogg!

  4. Rita says

    Hei igjen. Jeg tror nok det må være strandabakelse han mener. De var stekt i jern med mønster på. Tusen takk for svar.

  5. Hei! Ser fyrst no dette innlegget. Eg kan ikkje minnast blondekaker frå der eg kjem frå, men det vil ikkje seie at dei ikkje finst. Strandabakelsa er visst typiske for den bygda, om svigerfaren din ættar derifrå kan det vere det han tenkjer på. Dei har ikkje hol, men er veldig tynne og steikt i spesielle jarn med inngravert mønster. Liknar krumkaker, men er litt større. Takk til BenteOO for anbefaling og link til bloggen Nostalgisk mat, besøk gjerne bloggen 🙂 Helsing Margaret

Leave a Reply