Fest, Fredag, Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Middag, Noko søtt
Comments 2

Medan vi ventar på sommaren

Sommaren ville liksom ikkje kome i år. I fjor blomstra rabarbraen min første mai. I år har eg ikkje hjerte til å spise av den til bursdagen min midt i mai. Urtene er heller ikkje komt opp ordentleg, eg går og ventar på ruccola og persille, men i bedet står framleis tulipanar, utruleg nok.

Så då får vi trøste oss med det som er til å stole på, det vi finn i butikken. I dag har eg laga enkel mat, dette går fort å lage som ein fin familiemiddag. Hovudretten er ein variant av den klassiske biff stroganoff. Det er tradisjonelt ein kjøtrett med oksekjøt som du steiker og kokar saman med løk og sopp. Sausen er basert på tomat og fløte, og blir kremete og deilig.

Desserten er superenkel, små marengsreir med rømmekrem og kirsebærkompott. Du kan lage kompotten sjølv av kirsebær eller morell frå frysaren, eller du kan gjere som meg, og bruke den du finn i butikken. Dette kan du lage med sviskekompott og, om du har ein slik pakke i skapet. Det spennande med desserten er møtet mellom den friske kompotten, den søte marengsen og den syrlege rømmekremen. Prøv den!

Vil du lage begge rettane, byrjar du med marengsen, for det tek lengst tid. Når eg lagar marengs brukar eg det finaste sukkeret eg får tak i, nemleg det engelske Tate & Lyle. Eg har sett andre produsentar og ha ”fint” sukker. Fint sukker er uovertruffent til sukkerbrød og marengs, men også til kaker der du skal røre smør og sukker kvitt. Å bruke fint sukker gjer at marengsmassen vert fortare ferdig, for du skal piske det til du ikkje lenger kjenner sukkerkrystallane når du smakar på massen. Slik gjer du det:

IMG_3584Marengsreir

2 eggekviter

1,5 dl fint sukker, om du finn

1 ts eddik, eg brukte kvit balsamico

½ ts salt

Sett omnen på 120 grader.

Skill egga, og ha eggekvitene i miksarbollen saman med eddik og salt. Pisk til eggekvitene har blitt til eit stivt og kvitt skum. Ha i sukkeret litt og litt. Pisk vidare til massen er glatt og kvit, og du ikkje lenger kjenner sukkerkrystallane når du smakar på massen.

Ha massen over i ein sprutepose med stor stjernetupp. Sprut massen ut i seks rundingar på eit bakepapir, og legg ein kant oppå ytterkanten av rundingane slik at det blir som eit reir. Marengs hevar seg ikkje nemneverdig, så dei kan stå ganske tett, og dei blir akkurat slik du lagar dei. Får du masse til overs kan du lage små pikekyss som du set innimellom reira på bakepapiret.

Dra bakepapiret over på eit brett (om du ikkje har det på brettet allereie), og bak/tørk marengsen i ein og ein halv time. La dei kolne på bakepapiret.

Rømmekrem

1 beger seterrømme

1 ss melis

1 krm kardemomme

Pisk rømmen stiv med melis og kardemomme. Sett kaldt fram til du skal legge opp desserten. Når du legg den opp legg du ei skei rømmekrem i vart reir, og så fyller du opp med kompott ved sidan av.

Medan marengsen står i omnen passar det perfekt å gå i gang med middagen. Denne gryta kan stå og godgjere seg på låg varme, så den toler godt å vente på gjestane.

Eit lite forbrukartriks skal du få av meg: Har du nesten tomme ketchupflasker? Dei prompar og sprutar, men lite kjem ut. Ta litt varmt vatn i dei, rist godt og sprut det oppi gryta som ein ekstra smak. Då har du tømt flaska, og kan kaste den med godt samvit. Slik lagar du kyllingstroganoff:

IMG_3578Kyllingstroganoff

700 g kyllingbryst

20 småløk

200 g sopp

1 dl søt chilisaus

2 ss tomatpuré

3 dl fløte

1 ts timian

Salt og peppar

Nokre greiner bladpersille

4 dl ris

Del kyllingbrysta i bitar. Forvell løken, og dra av skinnet. Rens soppen.  Eg brukar små soppar, og då brukar eg å la dei vere heile i gryta. Finn du berre store soppar må du kanskje dele dei i fire.

Brun kyllingen i smør på alle sider i ei låg, vid gryte. Krydre med salt og peppar. Ta dei ut av gryta.

Senk varmen. Steik løk og sopp i gryta. Legg i kyllingen. Ha i søt chilisaus, timian, tomatpuré og fløte, og la det putre under lok i 4-5 minutt.  Smak til med salt og peppar.

 Kok risen. Vend bladpersillen inn i risen rett før servering.

Dette er ein enkel og fin middag å invitere vennar til middag på, så plukk opp telefonen, og ring til nokre som det er lenge sidan du har snakka med. Ein vennemiddag er noko med det beste eg veit, og det er endå betre å bli invitert. Velbekomme!

2 Comments

  1. Eg har tenkt eg skulle lage retten sidan eg såg oppskrifta i Sunnmørsposten. I dag vart det, og eg la ut link frå min blogg til din.

Leave a Reply