Denne osterøra ser enkel og grei ut, men den er ein nydeleg smakseksplosjon! Ein av gjestane mine kommenterte at då ho las oppskriftene så syntest ho denne såg kjedeleg ut. Ho vart desto meir imponert då ho fekk smake den.
Røra kan også lagast som eit tiltygg til eit glas vin og litt brød i all enkelheit, den treng ikkje vere del av ein stor buffé.
200 g chevre utan skorpe
200 g philadelphiaost
1 dl mjølk
Ein liten bunt grasløk
Salt
Eit granateple
Rør saman ostane, og rør i mjølka litt til kremen har ein fin konsistens. Smak til med salt viss det trengst. Finhakk halvparten av grasløken, og bland det i ostekremen.
Del granateplet i to, og bank/kryst ut kjernene. La safta renne av, og legg dei avrente kjernene på eit kjøkkenpapir.
Fordel osterøra på ein asjett, og dryss på grasløkstrå og granateplekjernene. Sett fram godt brød, grønsakspinnar eller grissini som gjestane kan ta av røra med.
Nam! Det skal jeg lage neste gang jeg har book club.
Takk for i går, Gunda! Fabelaktig bilde, bra oppskrift. God helg!
Granateple løftar alle rettar fleire hakk. Dette skal eg prøve!