Fest, Sausar og dippar, Veggis
Comments 3

Osterøre med granateplekjerner

Denne osterøra ser enkel og grei ut, men den er ein nydeleg smakseksplosjon! Ein av gjestane mine kommenterte at då ho las oppskriftene så syntest ho denne såg kjedeleg ut. Ho vart desto meir imponert då ho fekk smake den.

Røra kan også lagast som eit tiltygg til eit glas vin og litt brød i all enkelheit, den treng ikkje vere del av ein stor buffé.

IMG_4079Osterøre

200 g chevre utan skorpe

200 g philadelphiaost

1 dl mjølk

Ein liten bunt grasløk

Salt

Eit granateple

Rør saman ostane, og rør i mjølka litt til kremen har ein fin konsistens. Smak til med salt viss det trengst. Finhakk halvparten av grasløken, og bland det i ostekremen.

Del granateplet i to, og bank/kryst ut kjernene. La safta renne av, og legg dei avrente kjernene på eit kjøkkenpapir.

 Fordel osterøra på ein asjett, og dryss på grasløkstrå og granateplekjernene.  Sett fram godt brød, grønsakspinnar eller grissini som gjestane kan ta av røra med.

This entry was posted in: Fest, Sausar og dippar, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

3 Comments

Leave a Reply