I morgon, laurdag 31. august, er eg klar for live-sylting på Runde Miljøsenter, i heimkommunen min Herøy!
Eg kjem på fly oppover, så eg har ikkje med meg så mykje bær. Difor må dei som kjem ta med seg det dei har lyst til å få sylta, og så lagar vi det vi det eg får inspirasjon til, og delar på alt.
Så er du i nærleiken, og har ei solbærbusk eller ei stikkelsbærbusk som du ikkje har plukka heilt rein (for ikkje å snakke om plommer!) så ta det med og så syltar vi i vilden sky.
Blir ikkje det bra? Eg gler meg iallfall veldig. Vi sjåast! 🙂
Kan melde om en nyfrelst rabarbramedkvannfan!
Hilsen Ovedia