Billig mat, Brød, Gjærbakst, Mat, Veggis
Comments 3

Vårt daglege brød

No er kvardagane her igjen, alle har komt heim frå ferie og matpakken må smørast som før.

Då er det viktig å ha eit godt brød å smøre matpakke av. Når eg skal lage matpakkar likar eg å ha skorpe rundt heile brødet, ganske enkelt fordi då held det seg nokolunde på plass. Det får eg når eg bakar brødet i former. Eg vaks opp med fire brød sett saman i ei langpanne, og når ein bakar seksten brød i slengen, som mor mi gjorde, så fungerer det greitt. Men eg held meg til tre om gongen, og då har eg tre former som passar perfekt inn i omnen min side om side.

Å lage brød er noko som passar fint å gjere ein dag då ein held på med andre ting i huset. Arbeidsprosessane er ikkje så store, men dei må gjerast med ca. ein times mellomrom, så ein har god tid til å fikse alt frå klesvask til loftsrydding medan brøda hevar. Eg brukar klokkealarmen på komfyren for å minne meg om når neste operasjon er. Viss ikkje gløymer eg kva eg eigentleg held på med, og så kjem eg tilbake til kjøkkenet etter eitt par timar, og møter ein brøddeig som er på veg ut døra.

Utfordringa er at brød held seg ikkje ferske  så lenge. Dei vert tørre og kjedelege altfor fort. Mitt tips viss du bakar tre brød er å dele dei i to, og fryse ned fem halve brød. Då kan du ta opp eit nytt halvt brød kvar kveld, og så har du ferskt brød til morgonen etter.

Men har ikkje du brødbakemaskin, tenker du kanskje. Jaudå, eg har det, og den vert brukt rett som det er. Men den fungerer ikkje så godt til matpakkebrød, for nysteikt brød om morgonen vert for ferskt til å skjere til brødskiver. Og om kvelden har eg ein tendens til å gløyme å sette den på, og så står vi der utan brød om morgonen. Så nokre brød i frysaren er gull å ha.

Oppskrifta mi er basert på ei mengd med mjøl og ei mengd med væte per brød. Då kan du lett gange den opp om du vil bake fleire, eller bake berre eitt om du vil det. Eg tek utgangspunkt i ein halv liter væte eller mauk til kvart brød. Bruk gjerne mjølkeprodukt som har gått ut på dato når du bakar brød. Det einaste eg styrer unna er mugg, elles går alt i brøda. Eg lagde nokre nydelege brød for ei stund sidan der eg hadde ein halv liter mangoyoghurt i deigvæska, rømme og kesam kan også brukast.

Fordelinga mellom grovt og fint mjøl er litt etter smak og behag. Grove brød er sunt, men små barn bør ikkje få for grovt brød. Dei vert for fort mette, og får ikkje i seg nok energi. Eg brukar som regel halvparten grovt og halvparten fint. Og for at det skal gå fort og radig så har eg ferdigblanda grovt mjøl i ein trelitersboks, og kveitemjøl i ein annan. Eg brukar å blande grovbakstmjøl med fin sammalt, men her kan du lage di eiga blanding som du syns er god. Eg likar og å ha frø i deigen, og her og har eg laga ei ferdig blanding med linfrø, solsikkefrø og sesamfrø, som gir god smak.

Ulikt mjøl har ulikt eige væteinnhald. Det gjer at det tek opp ulik mengde deigvæske. Difor er det lurt å halde attende litt kveitemjøl, slik at du kan justere kor fast deigen er på slutten av eltinga. Deigen må ikkje vere for fast, då vert brøda tunge og kjedelege.

Har du linfrø, solsikkefrø, sesamfrø eller liknande kan du godt ha i litt av det, det gir god smak, og litt å bite i. Eit par spiseskeier av kvar er passe, og mengda deigvæske treng ikkje endrast noko særleg.

Gjær må til, og sjølv om fersk gjær er det beste så brukar eg vel så ofte tørrgjær. Det tek litt lenger tid å heve ein deig på tørrgjær, men er du tolmodig så får du eit like godt resultat. Slik gjer eg det:

IMG_4732Grovbrød

50 g gjær eller 1 pakke tørrgjær

1,5 liter deigvæske

200 g kveitekli

250 g grov, sammalt rug

500 g grov sammalt kveite

ca. 1-1,2 kg kveitemjøl

1,5 ts salt

1 ss honning

Lunk væska, og løys opp gjæra og honningen i det.  Brukar du tørrgjær så bland gjæra i mjølet.

Ha væska i bakebollen saman med saltet, og elt inn alt det grove mjølet først, og så har du i kveitemjøl til deigen er passe fast. Det kan hende du treng litt meir eller litt mindre kveitemjøl, det kjem an på kvaliteten på mjølet. La deigen heve til dobbel storleik, ca. ein time.

Del deigen i tre og form brøda. Smør formene dine med matolje, og legg i eit og eit brød. Set omnen på 200 grader. La brøda etterheve i ein halvtime. Dusj dei med vatn, eller hell ein kopp vatn inn i steikeomnen, for å skape damp. Det gjer skorpa sprø og fin.  Steik brøda i 45-50 minutt til dei er ferdige. Når dei er gjennomsteikte har dei ein hol lyd viss du bankar på dei. Syns du dei er litt lyse i botnen når du tek dei ut av forma, så kan du godt gi dei fem minutt til utan form.

La brøda kolne på rist.

3 Comments

  1. Jeg har også bakt brød i helgen, great minds think alike. Gleder meg til å teste ut oppskriften din. 🙂 Har du prøvd å kaldheve de over natta?

Leave a Reply