Hvitt kjøtt: kylling og kalkun, Oppskrifter for barn
Leave a Comment

Kyllingwraps med coleslaw og avocado

Innimellom grovbrødskivene må vi ha litt anna mat og. Eg lagar ofte wraps, det er enkel og lettvint mat som er lett å variere. Dei grove variantane er fiberrike og gjev meg godt helsesamvit på toppen.

I dag har eg fylt dei med steikt kyllingkjøtdeig. Kyllingkjøtdeig er ofte på tilbod, og er proteinrik og god mat. Supplert med salatgrønsaker og anna moro vert dette godt både som eit mellommåltid og som matpakke. Slik gjer eg det:

IMG_4723Fylt grov wrap med kyllingkjøtdeig

4 grove tortillalefser

8 salatblad, eg brukte hjertesalat

2 tomatar

4 ss italiensk salat eller coleslaw

Ein avocado

Ein pakke kyllingkjøtdeig

½ ts tørka timian

Salt og peppar

Smør til steiking

Varm opp steikepanna, og ha i smør. Ha i kyllingkjøtdeigen, og steik den gyllen. Dryss på i lita teskei salt og ei klype nykverna peppar medan du delar opp kjøtdeigen i små bitar med ein steikespade. Knus timian mellom fingrane, og dryss over. Hell kjøtdeigen på ein tallerken, og la den kolne.

Legg salatblada på tortillalefsa slik at det er ca. 5 cm att utan salatblad på nederst på lefsa. Dette stykket skal brettast opp etterpå. Legg på coleslaw eller italiensk salat, tomatskiver delt i to og båtar av avocado. Har du friske urter, så dryss på litt av det og. Fordel kyllingkjøtdeigen over fyllet, brett opp den nederste delen av lefsa og brett til slutt opp sidene.

Når eg sender dette med i matpakken brukar eg ein gummistrikk rundt lefsa, og så rullar eg heile wrapen inn i matpapir og snurrar att oppe slik at fyllet ikkje dett ut. Dette har eg lært av søstra mi, og det er heilt genialt. Wrapsen vert så mykje enklare å halde styr på med ein gummistrikk. Legg med ein serviett.

God helg!

IMG_4729

Leave a Reply