Fisk, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Skrei i ny drakt

No er skreien her, og det er berre å ete skrei, lever og rogn med begge hender.

Og når du er ferdig med det kan du prøve den varianten eg foreslår, som er av det litt meir moderne slaget. Eg serverer torskefilet smørsteikt med bakte grønsaker og hummus. Hummusen kan du bytte ut med aioli, eller droppe den heilt, men den er deilig mettande, og passar godt smaksmessig til det syrlege kaperssmøret og den salta fisken.

Grønsakene bakar eg i omn, og det tek litt tid. For å gjere det heile raskare kan du køyre dei ferdig krydra grønsakene nokre minutt i mikrobølgeovnen først, og så bake dei ferdige i omnen. Du kan også byrje med dei idet du går inn døra heime, når dei først står der i omnen så er det jo ikkje noko stress med dei. Resten av middagen går veldig fort å lage. Eit tredje alternativ for stressa folk er å lage både grønsakene og hummusen ferdig kvelden før. Då har du ferdig middag på eit kvarter dagen etter.

Grønsakene kan varierast etter det du har i hus. Eg fann eit flott flaskegraskar i butikken, når ein finn slikt skal ein berre kjøpe det. Det er einaste måten å få butikkane til å forstå at dei må halde fram med å ta det inn. Du kan også be butikken din bestille det, alle dei store grossistane har graskar på menyen no på vinteren. Det er slett ikkje slutt på graskar etter halloween. I denne oppskrifta kan du bruke både flaskegraskar, hokkaido-graskar eller muskatgraskar. Finn du ikkje graskar kan du bruke søtpotet i staden. Eg supplerte med pastinakk, poteter og gulrøter, men ta det du har i hus og det du finn i butikken.

Slik gjer du det:

IMG_5152Bakte grønsaker

Eit halvt flaskegraskar (ca. 500 g)

Fire poteter

To pastinakkar

4-5 gulrøtter

1 ss tomatpuré

1 dl olivenolje

1 ts paprikapulver

1 ts salt

1 ts timian

½ ts basilikum

Set omnen på 200 grader. Rør saman alt til marinaden.

Rens grønsakene, og kutt dei i bitar som er så store at dei lett passar i munnen. Ha grønsakene i ein bolle, og slå marinaden over. Vend grønsakene rundt, og hell alt over i ei eldfast form. Bak grønsakene på 200 grader i ca. 45 minutt. Vend rundt på dei etter 20 minutt, for å få dei jamt steikte, og hindre dei i å bli brent.

Hummus kjem frå dei austelege delane av middelhavet, og består av kikerter og tahinepuré. Tahine er ein slags krem laga av rista og knuste sesamfrø. Den passar til det meste, spesielt ting som bakte grønsaker. Prøv den også på rista brød til eit godt glas vin. Slik lagar du det:

Hummus

Ein boks kikerter

Ein sitron

1 dl tahine-puré

2 kvitløksfedd

Salt

1 ts paprikapulver

1 ts spisskummen

2 ss olivenolje

Litt honning

1 ss frisk, hakka persille viss du har.

La ertene renne av, og ha dei i ei matmølle. Mos dei saman med tahine, paprikapulver, spisskummen, kvitløk og salt. Smak til med safta av sitronen, til du syns det smakar godt. Kanskje treng du også litt meir salt og ha i litt honning. Det gjer smaken rund og delikat. Mosen skal vere heilt glatt. Vert den for tørr, så spe med litt vatn. Hummus held seg i kjøleskapet i ei vekes tid.

IMG_5160Smørsteikt torsk

200 g torskeloin per person

100 g smør

1-2 ss kapers

2 ss sitronsaft

Skjer torsken i porsjonsbitar, og salt den godt. Smelt to-tre ss smør i ei godt varm steikepanne, og når det sluttar å skumme og har blitt lysebrunt legg du fisken  i med ” den pene sida” ned. Skru ned varmen, og snu bitane etter ca. eit minutt, når dei har fått ei pen, brun overflate. La dei steike i eit minutt til, og legg dei over i ei eldfast form. Sett dei i omnen i to-tre minutt før servering.

Ha resten av smøret i steikepanna, og la det og bli lett brunt. Ha sitronsaft og kapers i smøret, og rør godt slik at alt det gode frå steikinga kjem med. Server torsken med hummus og bakte grønsaker.

1 Comment

  1. Rita says

    Takk for supert middags tips, dette vet jeg blir godt!

    Mvh Rita

Leave a Reply