Billig mat, Mat, Noko søtt, Veggis
Comments 4

Tante Gretes banankake

Eg treng alltid noko søtt etter middagen, og ein av favorittane mine er tante Grete si banankake. Denne kaka er ein smart måte for å bli kvitt brune bananar som har blitt liggande for lenge på fruktfatet.

Eg har utvikla tante Grete si kake vidare ved å tilsette ”drita fulle rosiner”, altså rosiner som har fått ligge i ei eller anna form for alkohol og godgjere seg. Rom er det beste, men dei fleste typer sprit fungerer til slik bruk. Fyll eit glas med rosiner, gjerne nokre inntørka, triste frå forrige jul, og slå over rom, brandy eller vodka. La dette stå minst over natta, gløymer du det så held denne blandinga seg i kjøleskapet i årevis. Desse rosinene er kjempegode i gløgg, i juleformkaker eller i punsj, men i dag skal vi altså kombinere dei med banan.

Droppar du rosinene er kaka nesten like god for det, og då likar ungane den også. Glasuren er basert på ferskost, og den syrlege smaken balanserer godt mot den ganske søte kaka.

Du har sikkert forstått at det er stor forskjell på ekte vanilje og vanilin som du finn i det vanlege vaniljesukkeret. Det er eit styr med ekte vaniljestang, og det vert også ganske dyrt i lengda. Vaniljesukker med ekte vanilje har vore ein shoppingfavoritt når eg har vore i utlandet. Men det siste året har eg funne vaniljesukker med ekte vanilje i butikkane her heime og. På min boks står det Tørleffs ekte vaniljesukker, og eg har funne den på ICA- og MENY-butikkane. Spør du etter det, kjem det sikkert i din nærbutikk og! Finn du ikkje ekte vaniljesukker, så dropp vaniljesukkeret i glasuren.

Tante Gretes banankake

banankake

2 egg

3 dl sukker

2 overmodne bananar

130 g smelta smør

4 1/2 dl mjøl

3/4 dl mjølk

2 ts vaniljesukker

2 ts bakepulver

1 ts natron

100 g rosiner som har lege i rom el.l.

Glasur: 125 g naturell kremost, type Philadelphia (ikkje light, det blir sørpe!)

Rive skal av ein sitron

125 g melis

Litt vaniljesukker med ekte vanilje

Sett omnen på 180 grader.

Smør ei brødform, og legg ein strimmel med bakepapir i botnen. Lag eggedosis. Mos bananane, og bland dei i. Bland det turre i ein eigen bolle, og vend inn rosiner som har fått renne av seg. Rør det turre inn i eggedosisen vekselsvis med mjølka. Rør inn smøret til slutt. Ha røra i forma, og steik kaka i 45-50 minutt. Sjekk med kakenål om den er ferdig. Rør saman glasuren, og smør den over kaka. Pynt gjerne kaka med det du måtte ha i huset av kakepynt.

This entry was posted in: Billig mat, Mat, Noko søtt, Veggis

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

4 Comments

  1. Lovise says

    To kommentarer: Den ene er at litt ok vaniljesukker lager en greit sjøl. Ta en vaniljestang (brukt, feks i pudding) eller ny, legg den i et glass fylt med vanlig sukker, sett på tett lokk og la stå noen uker. Sukkeret får da en herlig vaniljearoma – like bra som Tørleffs!
    Ellers bruker jeg rosiner trukket i rom, i is. Rør ordinær vaniljeis mjuk, rør inn rosinene (nb. ikke for mye rom) – og vips så har du den deiligste vaniljeis med knasegode rosiner. Ikke rør hardt eller mye, rosinene er ganskje skjøre. Sett isen tilbake i fryseren ei stund før servering. Det er DEILIG.

  2. Yes! Takk for super oppskrift! Har ikkje rom, men gler meg til å teste romrosiner neste gong. Blir det betre enn dette er det verkeleg ikkje dårleg, altså.

    • Det er for å gi kaka eit ekstra løft. Den kan fort bli litt tung viss det er berre det eine hevemiddelet i.

Leave a Reply