Ferie, Livet, Lykke
Comments 2

I København igjen

Denne helga er søskenbarnet mitt  og eg i København.

Det er mange år sidan vi avtalte det, at vi skulle tilbringe ei helg i denne fine, varme byen som eg har snakka så mykje om. I dag har vi spist godt, vi har vore innom Tage Andersen, vi har handla te og fått bolsjar hos Perchs thehandel og vi har gått gjennom alle etasjane hos Illums.

IMG_5494Og ein kan seie det ein vil, men når ein er i København då er ein i Europa. Norge og Oslo er ikkje Europa.

Ein gong i livet så må eg bu i denne byen. Eg skal takle det elendige språkøyret til danskane, og det kalka vatnet. Eg skal handtere den ubegripelege teljemåten og dei fulle nordmennene på Strøget.

Alt dette for å få ta inn varmen og kontinentaliteten frå dette trivelege folkeferdet som danskane er. Alt dette for å kunne tusle rundt i dei fine gatene, sykle på dei vel utbygde sykkelvegane og å handle vin i butikken seint laurdags ettermiddag. Skål!

This entry was posted in: Ferie, Livet, Lykke

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

2 Comments

  1. Skål 🙂 København er en fenomenal by. Få med deg morgenandagten i Københavns domkirke. Starter ti over åtte, tror jeg. Flott kor, og verdens lengstlevende, direkte radioprogram. Vi hører den her i heimen hver morgen.

Leave a Reply