Billig mat, Kjøtt, Mat, Middag, Tilbehør
Comments 3

Pulled pork – fillegris

 Pulled pork er den nye ”fema”, alle skal grille store stykke av gris på indirekte varme.  Eg kallar det fillegris, eg likar norske namn på ting.

Å steike kjøt sakte og på relativt låg temperatur er ikkje nytt, det fine med det er at du får brukt upopulære stykkingsdelar som bog og nakke, og at det vert smakfullt og saftig viss du gjer det rett.

Mange insisterer på å bruke grillen til dette, men det blir for komplisert for meg. Det er eit styr med å fylle på kol, passe på at det ikkje brenn ut, at det ikkje vert for varmt og at det ikkje brenn seg. Ein har langt betre kontroll viss ein gjer det i den kjære steikeomnen. Så no får du ei idiotsikker oppskrift som sikrar deg eit perfekt resultat og ein smaksrik middag som eigentleg lagar seg sjølv.

Min variant har blitt gnidd inn med sennep og honning, det gir karamellsmak, ein sterk dijon-sennep gir litt sting og det blir ei deilig sjy i botnen som kan kokast inn og vendast inn i kjøtet til slutt. Min gris får stå  i omnen i 7-8 timar, så denne retten byrjar du med om morgonen. Det fine er at det er tjue minutt arbeid på føremiddagen, og så er middagen klar til kvelden. Perfekt for ei lat sommarhelg. Slik gjer du det:

IMG_5807Fillegris med honning og sennep

Smør og olje til steiking

2 kg svinenakke eller bog utan bein

2 ss sennep, gjerne litt skarp

1 ss honning

Salt og peppar

½ l kraft eller tørr eplecider

1 ts Liquid smoke, om du har, kan erstattast med 1 ts røykt paprikapulver

Sett omnen på 110 grader.

Salte og pepre kjøtet godt. Varm opp smør og olje i ei steikepanne, og steik kjøtstykket pent brunt på alle sider. Legg det i ei eldfast form. Kok ut steikepanna med kraft eller cider, og hell krafta/cideren i den eldfaste forma. Bland saman sennep og honning, og pensle kjøtstykket raust med dette.  Bak kjøtet på 110 grader i 7-8 timar, til det gir etter når du dyttar på det, då er det ferdig. Sett det til side og dekk det med folie til det kolnar litt.

Eg lagar coleslaw så ofte syns eg, men det høyrer liksom med fillegrisen, så då vart det til at eg lagde det i dag og. Men eg gjorde ein vri, eg brukte den kvite delen av ein hjartesalat som låg her. Du kan også bruke nederste enden av eit kinakålhovud om du har. Eg hadde ein fenikkel liggande, og den har så fint dill-liknande tjafs. Det fekk vere med i coleslawen. Slik gjorde eg det:


IMG_5805Coleslaw med hjartesalat

Eit stort hjartesalathovud

Ein raud løk

Ein kvast fenikkelblad

4 ss majones

1 ss søt sennep, eg brukte bergeby

1 ss eplecidereddik eller kvitvinseddik

salt og peppar

Rør saman majones, sennep, eddik og salt og peppar. Fjern stilken på hjartesalaten, og snitt dei nederste fire-fem centimeterane fint i skiver. Skrell løken, og finsnitt den. Finhakk fenikkelblada. Vend grønsakene inn i dressingen.

Når kjøtet har fått ein passe fin temperatur, tek du det over på ein tallerken. Er det som ligg att i forma seigt og fint, så skrap det ut, evnt løys det opp med litt meir kraft. Er det tyntflytande, så kok det inn litt. Rør inn nokre dropar liquid smoke om du har. Dra kjøtet frå kvarandre, slik at heile kjøtstykket har gått i oppløysing. Vend inn sjya, og server kjøtet i hamburgerbrød med coleslaw til.

3 Comments

  1. Bente says

    Hei! Takk for fin oppskrift! Hvor mange personer vil du si at denne oppskriften metter?

    • Du kan fort mette åtte personar med eit så stort kjøttstykke, iallfall viss nokre av dei er barn.

Leave a Reply