Fest, Middag, Sausar og dippar, Tilbehør
Comment 1

Kjøt med saus

Eg er lei meg for den kjedelege overskrifta, men her er greia: Eg har fått to barn, no er begge tenåringar, og når dei spør om kva vi skal ha til middag er dette den beste måten å gjere dei lykkelege på; ved å svare kjøt med saus.

At dei ikkje ville bli vegetarianarar visste eg tidleg. Dessutan har eg skjemt dei bort ved å servere store, saftige kjøtstykke skorne i skiver med saus basert på fløte eller creme fraiche. Dei har aldri fått kjensla av at at kjøt er komplisert eller dyrt. Kjøt er noko ein krydrar, puttar i omnen og så lagar det seg sjølv meir eller mindre. Skal dei imponere kjæresten steiker dei biff, og til bursdagane er desse store krydra kjøtstykka det viktigaste ønsket å oppfylle.

Og viss eg kan ta livet av ei myte så er det nettopp denne, at det å steike kjøt er vanskeleg. Det er faktisk veldig lett, og det blir endå lettare viss du har eit steiketermometer å hjelpe deg med. Med svinekjøt treng du ikkje det, der må du berre bestemme deg for om du vil ha det saftig eller fillete (som fillegris/pulled pork). Vil du ha det saftig må du ikkje bruke for lang tid, vil du ha det mørt og fillete kan du bortimot steike det så lenge du vil, berre du har ein god saus å vende det i til slutt.

Mange spør meg om eg ikkje skal bruke sous vide når eg lagar slik mat. Men eg har aldri forstått poenget med å fylle opp kjøkenet med endå fleire dingsar når eg har ein heilt strålande fin steikeomn som eg kan bruke til dette.

I dag har eg marinert og steikt ei svinesteik utan svor og feitt i steikepose. Steikepose er ei genial innretning som toler steikeovnsvarme og som tek vare på alt det gode søet som kjem av kjøtet når det vert steikt med krydder og væske. Søet vert sjølvsagt ein fantasisk saus, berre du blandar det med creme fraiche, og smakar til med noko som har litt sødme. Rognebærgelé er ein vinnar hos meg, men du kan også til dømes bruke honning, brunost, plommer eller solbærsaft.

Til kjøtet lagde eg ein slags grateng eller pai med det eg hadde i kjøleskapet etter siste handleraptus, nemleg squash og purre. Eg konstaterer at eg handlar grønsaker meir etter estetikk enn etter behov. Eg kjøper dei grønsakene som er pene akkurat i dag. Og så finn eg (vonaleg) på noko å bruke dei til når eg kjem heim.

IMG_6059Marinert svinesteik

1,5-2 kg svinesteik utan svor og feittrand

2 dl raudvin

3 fedd kvitløk

1 ts tørka timian

2 ts tørka persille

2 ts salt

½ ts malt peppar

Legg svinesteika i posen saman med kvitløksfedda, som du kan bruke heile eller knust alt etter kor ”eksplosiv” du vil ha kvitløkssmaken. Knuste fedd gir meir smak. Bland saman raudvin og krydder, og slå det i posen. Lukk posen med eit av klipsa som følgjer med, fjern lufta i posen, men set klipsen litt lenger ut, slik at lufta som dannar seg i posen har plass til å utvide seg. Legg det heile i ei eldfast form. Dette kan du gjere kvelden før servering. La steika kvile kaldt til nokre timar før servering.

Set steikeomnen på 180 grader. La steika stå i omnen i ca. 2-2,5 timar. La den kvile litt før du tek den ut av posen. Legg den på eit fat. Sil innhaldet i posen over i ei gryte, og ha i eit beger creme fraiche. La det koke nokre minutt. Smak til med salt, peppar og noko søtt. Blir fargen for kjedeleg kan du ha i litt sukkerkulør. Smakar den for lite kan du vere litt vill og gal, og ha i litt tomatpuré eller ein liten klunk med lake av sylteagurk.

IMG_6051Purre- og squashpai med fetaost

To purrar

To squash

Ein pakke frossen spinat

200 g fetaost

6 egg

2 dl kremfløte

Ein bunt persille

2-3 blad salvie

salt og peppar

Set omnen på 180 grader. Skjer purren tynt, og fres det i olje i eit gryte med salt, peppar og 2-3 finhakka salvieblad til det har falt saman og blitt blankt og mørt. Skjer squashen i tynne skiver, salt dei lett og legg til side. La spinaten tine i eit såld slik at vatnet renn av.

IMG_6056Ha purren i ei eldfast form. Fordel spinaten over purren. Finhakk persillen, og dryss over. Hald tilbake litt til pynt. Legg squashen som takstein over det heile.

Ha egg, fløte og halvparten av osten i eit litermål, og køyr det glatt med stavmiksar. Slå det over grønsakene. Smuldre over fetaost, og bak gratengen i 30 minutt, til den er gyllen og fin, og grønsakene er møre.

Server kjøtet skore i tynne skiver med saus, purre- og squashpai og ein frisk salat.

1 Comment

Leave a Reply