Jul, Noko søtt
Comments 3

Julehuset

Pepparkakehus høyrer alltid med til vår jul, sjølv no etter at borna mine har blitt store. Det er viktig å ha ein god deig som er lett å jobbe med, og som rekk til eit hus, mange store hjarte og endå nokre figurar som kan illudere dei som bur i det fine huset.

Det finst mange pepparkakeoppskrifter, og resultatet kan variere. Eg har gode erfaringar med deigen under, der ein kokar opp sukker, smør og sirup. I nokre oppskrifter har ein også i fløyten når ein kokar det heile opp, då tek kolninga lenger tid. Når ein kokar opp smør, sirup og sukker vert sukkerkorna løyst opp godt. Eg har prøvd deigar der smør og sukker er rørt kvitt. Då vert steikeflata meir ujamn, og ein ”ser” spora etter sukkeret. Uansett lønner det seg å lage deigen dagen før ein skal bake. Då rekk den å bli kald og fin, og ”sette seg”, slik at den er lett å jobbe med.

Pyntinga av huset foregår etter alle kunstens reglar. Vi limar huset i hop på den ”farlege” måten, med smelta sukker. Det gjer det meir stabilt, syns eg.

Huset har søte småruta vindauge, dei lagar eg med gamaldagse bringebærdrops, som eg knuser og legg i opningar i deigen. Når eg steiker kakene smeltar bringebærdropsa og lagar fine, gyldne karamellglas.

Du kan også bruke sitrondrops, men drops med kunstige søtningsstoff kan ikkje brukast. Kamferdrops fungerer til nød, men dei karamelliserer ikkje så lett som fruktdropsa. Sprossene er lagde av tynne deigpølser som er lagt i kryss.

Utfordringa med å lage pepparkakehus er at ein gjer det berre ein gong i året. Det gjer at ein ikkje alltid huskar frå år til år kva som er lurt og kva som ikkje er lurt. Eg har brukt å ha same storleik på tak og vegg, og gløymer for kvart år at det er lurt å ha taket litt kortare og litt breiare. I år har vi kjøpt oss feriehus i Sverige, så eg kom på den geniale idéen å lage eit hus som likna på det. Det klarte eg nesten, det vart litt høgt, men elles ganske like, gult og fint. Eg måtte ha doble takplater sidan huset har mansardtak, det var ei lita utfordring, men det gjekk bra.

Eg har funne såkalla dropsmatter som eg kjevlar ut husdelane og kakene på. Det gjer heile operasjonen utruleg enkel, ved at eg slepp å flytte delane frå der eg kjevlar dei ut til steikebrettet. Dropsmattene går rett i omnen som bakepapir. Eg brukar også mykje mindre mjøl når eg bakar ut, så og seie ingenting, faktisk. Når du unngår å ”mette” deigen med mjøl smakar kakene betre, syns eg. Du kan også bruke tynne silikonmatter, men dei er ikkje så lette å bake på. Dropsmattene får du tak i hos til dømes Panduro og andre hobbybutikkar. Dei er også å finne i nettbutikkar som spesialiserer seg på baking, og i proffe kokkebutikkar som Culina.

IMG_6092Pepparkakedeig

300 g meierismør

2 dl sirup, eg brukar mørk

4 dl sukker

2 dl kremfløyte

1 ts nellik

1 ts malt ingefær

1/2 ts peppar

4 ts kanel

2 ts bakepulver

900 g kveitemjøl

Bland smør, sirup og sukker i ei tjukkbotna gryte. Varm opp til sukkeret er heilt smelta, altså rundt kokepunktet. Ta gryta av plata og la blandinga kolne litt. Rør i fløyten. Sikt i krydder, bakepulver og mesteparten av mjølet. Rør alt i hop til ein jamn deig. La deigen stå kaldt til neste dag.

Del deigen opp i passe bitar, ca. 400 g deig er nok til eit fullt brett. La dei bitane du ikkje jobbar med ligge i kjøleskapet. Elt deigen i litt mjøl på bordet og kjevle den til den er ca. 3 mm tjukk. Å få ein jamnt tjukk deig er viktig. Då sikrar du at dropsa smeltar fort nok, og er ferdige samtidig med sjølve kaka. Du unngår og at nokre kaker på brettet vert ferdige før dei andre, det kan skje om deigen er tynn nokre plassar og tjukk andre plassar.

Lag ein mal, til dømes av overhead-plast eller ofre ei plastmappe. Du kan også bruke bakepapir. Skjer ut malar som er så store som du vil ha dei, du treng to sideveggar, to gavlar og to takplater. Mål opp at takplata går litt utanfor veggen, og at veggen på gavlen (før den skrår inn) er like høg som langveggen.

Legg malane på deigen, og skjer dei ut med ein skarp kniv eller eit pizzahjul. Pass på at du ikkje skjer igjennom bakepapiret eller silikonmatta du brukar. Stikk ut vindauge med det du måtte ha. Vi har brukt sirupsnippformer på høgkant til gavlvindauge, det vart kjempefint. På langsida brukar eg loket til eit norgesglas, for i svenskehuset er det vindauget boga. Ei tom fyrstikkeske er også fin storleik til å stikke ut vindauge med.

Pirk ut deigen inne i vindauga. Legg eventuelt på sprosser, og dryss knust drops i opningane. Pass på at du ikkje får knust drops på sjølve deigen, det brenn seg og ser ikkje så fint ut. Steik delane i omnen på 175 ° C i ca. 10 minutt.

Smelt 3 dl sukker på middels sterk varme i ei steikepanne. Rør innimellom så varmen fordeler seg og sukkeret smeltar jamt.

IMG_6081Dypp den eine gavlen i sukkeret og la det drype av. Sett den tett inntil den eine langveggen. Dypp den andre langveggen, og sett den inntil gavlen. Dypp begge sider av den siste gavlen i same runde, og dytt den mellom dei to langveggane. Dypp til slutt den eine takplata, og dytt den saman med den andre. Legg taket på huset medan det framleis er litt bevegeleg. Fyll eventuelt på med meir smelta sukker frå ei tresleiv for å lime taket fast ordentleg.

Eg brukar også ei stor stjerne som eg stikk ut ei mindre stjerne i. Desse får og dropsfyll i opninga. Så stikk eg ut eit hol til sløyfeband med tuppen på ein epleutstikkar. Har epleutstikkaren sagtaggar kan du også gjere det etter at kaka er steikt, i tilfelle du gløymde sløyfeholet før steikinga. Har du hjarteformer kan du gjere det same med dei. Slike fine pynta kaker kan du gi bort i julegåve til dei som har alt, pent innpakka.

Lag glasur av tre eggekviter (stor porsjon!) og ein pakke melis. Pisk eggekviten stiv. Ha i melisen litt og litt medan du fortsatt piskar. Blir den for tjukk kan du spe den litt med litt sitronsaft eller vatn. Dette blir på ein måte ein marengsmasse. Den er mykje meir stiv og lett å handtere enn ein vanleg melisglasur med vatn eller flytande eggekvite.

Eg har glasuren i ein eingongssprutepose som eg kan klippe tuppen av. Tre posen nedi eit litermål, brett den utover kanten. Då kan du lett fylle glasuren i posen. Har ikkje posen glidelås så knyt den igjen. Klipp eit bittelite hol i eine hjørnet. Det viktigaste er at glasuren berre kjem ut der den skal nemleg gjennom det vesle holet.

Lykke til med pepparkakebaksten!

Her finn du lenker til tidlegare julehus som vi har laga.

3 Comments

  1. Pingback: Det nye huset vårt | Alt godt

  2. Pingback: Dei beste julemattipsa | Framtida

Leave a Reply