Middag, Oppskrifter for barn
Comments 2

Flygande Jakob

Då eg fortalde mi svenske venninne at eg skulle skrive om ”Flygande Jacob” i bloggen var ho sjokkert: Det er jo skrotmat!

Eg måtte le, men ho meinte det heilt alvorleg. Flygande Jacob var mat som svenske mødre, og sikkert også fedre, lagde når dei måtte ha noko fort, enkelt og ikkje nødvendigvis så sunt.

Slikt har aldri hindra meg, så eg gjekk vidare med idéen min. Eg har snakka tidlegare om korleis eg finn inspirasjon, og denne gongen kom inspirasjonen på quiz. Vi fekk nemleg spørsmål om å oppgi tre ingrediensar frå den svenske retten Flygande Jacob. Vi gjetta på kylling, fordi retten var flygande, så supplerte vi med bacon og fløte, for det er i det meste som er godt. Vi fekk altså poeng, utan eigentleg å ha svart korrekt. Hovudingrediensane i Flygande Jacob er nemleg kylling, bacon, banan og peanøtter! Som ein slags kjøttsnickers, altså.

Korleis svenskane kom på dette er uklart, men retten er visstnok komponert av ein svenske som heitte Jacobsson, og som jobba i flybransjen, derav namnet. Eg får kjensla av at han blanda alt han likte i ei form, og det kan gå bra, eller det kan vere heilt katastrofe. I dette tilfellet fungerte det, merkeleg nok. Skal du gjere dette raskt kan du bruke ein ferdiggrilla kylling, det er det ein vanlegvis får i Sverige, seier mi venninne. Du kan også bruke ein eller fleire pakkar salatkylling, altså ferdig pilla grillkylling. Då kan du lage dette kjempefort. Oppskriftene i dag er til seks personar.

IMG_6362Flygande Jacob

800 g kyllingfilet i strimlar

150 g baconterningar

3 bananar

1,5 dl søt chilisaus

3 dl kremfløte eller matfløte

Ein neve peanøtter

Litt smør til steiking

Set steikeovnen på 225 grader.

Smelt smøret i ei steikepanne, og steik baconet fort. Skjer kyllingfiletane i strimlar, og steik dei i baconfeittet. Legg alt over i ei eldfast form. Kok ut panna med litt vatn, og skrap det over i forma. Skrell bananane, og skjer dei i skiver. Fordel skivene utover kyllingen.

Rør saman chilisaus og fløte, og slå det over forma. Du kan også piske fløten først, då får du ein meir fluffy topping. Men det er ikkje nødvendig, smaken blir den same. Bak det heile i omnen i eit kvarter på 225 grader.

Dryss på peanøtter før servering. Server med nykokt ris og ein sprø salat.

Sprø salat

Ein skalk raudkål

20 cm av det lyse på ein purre

2 ss eplecidereddik

2 ss olivenolje

Ei klype salt og ei klype peppar

Rist saman eddik, olje og krydder. Finsnitt grønsakene, bruk gjerne ein mandolin om du vågar og har. Hell dressingen over grønsakene, og vend det rundt nokre gongar. La stå litt.

2 Comments

  1. Denne prøvde me i dag. Kjempegodt, og ekstra kjekt å kunne ete den ute på altanen her i Bergen etter veker med dårleg «sommar»-vér.

Leave a Reply