Dessert, Fest, Noko søtt
Comment 1

Honningbakte eple med mandellok

For nokre dagar sidan lagde eg denne desserten, basert på nokre lekre juleraude eple som låg att på fruktfatet. Eg mistenker familien min for å ikkje ete dei fordi dei såg ut til å vere av plast, perfekt raude og lysande som dei var.

IMG_6348Men bakt med eit deilig mandellok vart det ein god og enkel dessert. Mandelloket kan du bruke på mange ting, både bær, pommer, pærer og rabarbra frå frysaren vert godt med dette mandelloket. Det har også klare fellestrekk med toscakaketopping.

Honningbakte eple med mandellok

To eple

1 ss honning

Eit dryss kanel

IMG_6352Mandellok:

50 g smør

50 g skolda mandlar

3 ss sukker

1 ss mjøl

1 ss mjølk

1 ts kanel

Skrell epla, fjern kjernehuset og kutt dei i terningar. Ha eplebitane i ein bolle, ha over honning og kanel, og rør rundt. Fordel eplebitane i seks porsjonsformer, eller ei større form. Set dei i omnen på 180 grader varmluft i 10-15 minutt.

Mal mandlane til mjøl. Har du det travelt kan du trygt droppe skoldinga først. Smelt smør i ei gryte, og rør i alle dei andre ingrediensane. Det skal berre smelte saman, ikkje koke opp. Ta epleformene ut, og fordel mandelmassen over epla. La det heile bake på 200 grader utan varmluft i åtte-ti minutt til, slik at toppingen har blitt gyllen og fin. Server med ei kule vaniljeis.

1 Comment

Leave a Reply