Fest, Kaker, Noko søtt
Leave a Comment

Ripskake med salt karamell

Aldri har eg sett rips så seint som i år, det er fordelen med ein sein sommar.

Du syns kanskje det er rart eg kallar det ein fordel, men grunnen er enkel: Vi har som regel alltid sein ferie, altså slutten av juli og tidleg i august. Då rekk vi ikkje ripsa. Den kosar fuglane seg med medan vi er bortreiste. Men i år gjorde vi det, og no er frysaren full.

IMG_7490Sjølvskryt skal ein høyre på, for det kjem frå hjartet. Av og til lagar eg mat som eg blir lukkeleg av å smake på. Denne ripskaka var slik. Eg tok utgangspunkt i framgangsmåten eg brukar når eg lagar ei sjokoladekake som eg har kalt den raskaste sjokoladekaka. Då er det ikkje eggedosis eller smør og sukker kvitt, eg brukar flytande smør, og rører alle ingrediensane saman på enklaste vis. Så tenkte eg at den må jo kunne brukast som basis for ei lys kake og, sidan eg hadde så mykje rips som burde spisast opp.

Det kunne blitt ei ganske normal kake, men så fann eg ut at rips er surt, her må vi dra på med fleire smakar. Ei venninne av meg brukar å lage ein vilt god salt karamellsaus, så eg tenkte at den må jo kunne brukast på ei kake. Så det gjorde eg. Denne kaka vert fort borte, det er alt eg kan seie.

IMG_7506Ripskake med salt karamell

100 g flytande bremykt (eller smelta smør)

180 g/2 dl sukker

2 ts ekte vaniljesukker

2 egg

100 g/2 dl kveitemjøl

1 ts bakepulver

3 dl rips

Salt karamellsaus:

2 dl sukker

100 g smør

1 dl fløte

1 ts salt

100 g valnøtter

Sett omnen på 190 grader. Smør ei 22 cm form godt, og dryss i mjøl som du bankar ut etterpå. Smelt smøret i ei gryte. Visp saman egga. Bland saman det tørre, og rør det inn i smøret vekselsvis med egga. Dryss nokre bær i botnen av forma, og fordel røra over. Dryss resten av bæra oppå. Steik kaka på 190 grader i 30 minutt. Ta den ut, og sett varmen opp til 250 grader.

Smelt sukkeret til karamell i ei steikepanne. Ha forsiktig i smør og fløte medan du rører, og la det koke i nokre minutt til det har blitt ein tjukk karamellsaus. Hakk nøttene, og bland i karamellsausen.

Hell karamellsausen over kaka, og sett den inn igjen i omnen på 250 grader i 3-4 minutt, til nøttene har blitt gylne og karamellen kokar opp. Ta kaka ut, og la den kolne før du serverer den med piska krem, eller berre gafle den skamlaust i deg utan noko meir fiksfakseri.

This entry was posted in: Fest, Kaker, Noko søtt
Tagged with: ,

by

Kvinne, bur i Oslo og har feriehus i Billingsfors, lever med mat, musikk, dufter og ein hage, gjer mitt beste for å nyte livet.

Leave a Reply