Billig mat, Jul, Kjøtt, Mat
Comments 2

Ribberull på norsk

I dag skal eg snakke på Østlandssendingen (slå på radioen kl. 16:30!) om kva ein kan bruke dei rimelege svineribbene vi finn rundt om i butikkane til, og det å lage ein ribberull er både juletradisjon og god økonomi. Ribberull er eit godt pålegg i julehelga, og når ribbene vert selt med rabatt så er det berre å kaste seg utpå.

Går du til ein ordentleg slaktar, som eg syns ein bør gjere, kan du be slaktaren beine ut ribba for deg, og du må gjerne bruke ruta ribbe. Det gjer at rullen ser pen ut når den er klar til oppskjering. Eg er ikkje så glad i ferdig krydra ribbe, men den kan sjølvsagt brukast. Då bør du droppe å tilsette salt og peppar i ribberullen.

Eit tips for å sikre ein god og kraftig kryddersmak er å kjøpe nytt krydder. Ofte har ein krydderposar liggande i skapet, som vart kjøpt inn i forfjor, eller året før der. Krydder oppbevart i papirposar i ein krøll misser smaken, og gir lite punch. Vil du bruke opp ditt gamle krydder, så bør du auke kryddermengda litt.

Slik gjer du det:

_MG_1130Julekrydra ribberull

2 kg tynnribbe

4 ts salt

1 ts peppar

1/2 ts nellik

1/2 ts allehånde

1 ts ingefær

Heil nellik til å pynte med

Bein ut ribba, viss ikkje slaktaren har gjort det. Skjer laus kjøtet frå feitt og svor på langs, men ikkje kutt den heilt i to, la dei to delane, svorsida og kjøtsida, henge i hop i enden. Om du lar rullen henge saman på langsida eller kortsida bestemmer du sjølv, det kjem an på kor lang og tjukk du vil ha rullen. Let du den henge saman på kortsida rullar du den saman på den sida, og dermed vert rullen kort og tjukk, omvendt viss du lar den henge saman på langsida.

Brett ribba ut i full lengde. Bland saman alt krydderet, og gni det inn i kjøtet. Dryss på saltet til slutt. Rull saman rullen til ein tett rull, slik at svora endar opp på utsida.

Bind rullen stramt med bomullstråd, og pakk den inn i eit heilt reint kjøkkenhandkle som du ikkje er spesielt glad i. Pass på at det ikkje luktar skyllemiddel. Surr rullen på nytt stramt ihop.

Sett på ein kjele med vatn, og ha i nokre pepparkorn og to-tre laurdbær. Legg rullen i når vatnet har kokt opp, og la den trekke på svak varme under lok i ca. 2 timar. Det skal ikkje fosskoke, berre såvidt syde.

Avkjøl rullen litt før du legg den i press. Har du ei presse, så er det berre å legge rullen i, og skru til. Har du ikkje, så legg rullen i ei brødform. Bruk ei fjøl eller liknande, som du surrar tett rundt forma, slik at rullen er under press. La rullen stå kaldt og under press til neste dag.

Pakk rullen ut, og viss du vil kan du pynte den med heil nellik viss du skal sette den på eit festbord. Skjer den i tynne skiver, og server den på godt brød med smør, sennep, raudbeter eller sylteagurkar.

2 Comments

  1. Margit says

    Har lyst å prøve, men lurer på om jeg skal skjære bort svoren også. Blir det ikke litt seigt m svor i rullen? Fettet, skjærer man bort og skal ikke være med antar jeg:) takk Gunda!

    • Nei, svora kan vere med. Den blir jo kokt, så den vert mør. Så svor/feitt og kjøtdelen skal henge saman, og rullen består av begge delar.

Leave a Reply