Fest, Jul
Comments 4

Årets julelikørar

Heimelaga julegåver er alltid kjærkome. Folk har nok lysestakar og blomstervasar, det er trivelegare å få noko ein faktisk kan spise eller drikke.

I år har eg slått meg på flaska, og laga eit knippe julelikørar som skal bli gåver til slekt og vennar. Fråhaldsfolk får sjå bort, dei skal få noko anna.

Eg har laga ulike variantar, velg den som du trur smakar best, eller som inneheld det du har i ditt skap. Eg har også teke med oppskrift på sukkerlake, den er grei å bruke viss du syns likøren din er for skarp. Den må også med når du skal lage limoncello, den italienske sitronlikøren som du får servert etter eit godt og langvarig italiensk måltid.

Det heile byrja med nokre flasker vodka, her kan du også bruke 45% sprit, men standard vodka er litt lettare. Så gjekk eg laus på skuffer og skap, og leitte igjennom for å finne tørka frukt og krydder som kunne brukast i likørane. Som den samlaren eg er så var det mykje å ta av.

Eg har nokre ganske spesielle råvarer. Det vanskelegaste å få tak i er kanskje tonkabønner. Det er ei bønne som har ein aroma som minner om rom, vanilje og rosiner, og som passar godt til alt søtt. Den kan også rivast fint og puttast i ein pannacotta eller crème brulée. I likør gjer den underverk, viss du likar smaken. Eg har kjøpt mine i København og i Barcelona, så det er mitt tips: Stikk alltid innom lokale krydderbutikkar og sjå kva du finn av morsomme, velduftande krydder og frukter.

Lyse rosiner eller sultanarosiner er veldig godt, dei finn du i spesialbutikkar og innvandrarbutikkar. Der finn du også heil kanel og stjerneanis. Tørka tranebær byrjar å bli lett å få tak i, det same gjeld heile kardemommefrø.

 _MG_1147 kopiTranebærlikør

 150 g tranebær, tørka

1,5 dl brunt sukker

Tre tonkabønner

6 dl vodka

Ha tranebær, sukker og tonkabønner i eit heilt reint glas som du har tett lok til. Hell over sprit, og la det heile stå i 10-15 dagar. Sil frå bæra og tonkabønnene, og ha likøren over i ei heilt rein flaske. Smak til med sukkerlake viss likøren er for syrleg. Kork flaska, og oppbevar likøren mørkt og kjøleg.

Aprikoslikør

200 g tørka aprikosar

2 dl brunt sukker

Ei ts kardemommefrø

Ei vaniljestang

7 dl vodka

Skyll aprikosane, og tørk dei i eit reint handkle. Legg dei i glaset, og hell på brunt sukker, kardemommefrøa og vaniljestanga. Slå på spriten, og la det stå 10-15 dagar. Sil frå aprikosane og kryddera, og ha likøren over på reine flasker som du korkar tett.

Sukkerlake

3 dl sukker

3 dl vatn

Kok opp sukker og vatn, og la det koke på svak varme til sukkeret er løyst opp. La laken kolne, og ha den på ei rein flaske som du korkar. Oppbevar kjøleg i opptil ei veke.

Limoncello

Ti sitronar, helst økologiske

7 dl vodka

Vask sitronane godt i skikkeleg varmt vatn. Gni dei tørre og reine med ein rein handduk.

Skrell sitronane slik at du får av berre det gule. Eg brukar ein potetskrellar. Ha skalet i eit stort glas, og hell på vodkaen. La det stå i to veker. Sil frå sitronskalet, og smak til limoncelloen med sukkerlake til du syns den er passe søt og syrleg. Oppbevar limoncelloen mørkt og kjøleg på tette flasker. Viss du skal oppbevare den i meir enn ein månad kan det vere smart å ha den i frysaren.

Plommelikør

Seks store eller åtte mindre plommer

Tre stjerneanis

2 dl brunt sukker

6 dl vodka

Legg plommene i eit romsleg glas. Hell på sukker, og ha i stjerneanis. Slå på spriten, og la det stå i to veker. Sil frå plommene og stjerneanisen, og hell likøren på reine flasker som du korkar så dei er tette. La stå ei veke eller to til før du serverer den.

Lys rosinlikør

 200 g lyse, store rosiner

Ein stjerneanis

Tre tonkabønner

1,5 dl brunt sukker

6 dl vodka

Ha rosinene i eit romsleg glas, og ha i stjerneanis og tonkabønner. Hell på sukker og sprit, og la det stå i eit par veker. Sil frå krydder og rosiner, og ha likøren på heilt reine flasker som du korkar tett. La den stå ei veke eller to før du serverer den.

4 Comments

  1. Gunhild says

    Hvor stort ca er et «romslig» glass?

    • Tja, det viktigaste er at halsen er vid, iallfall viss du skal stappe nedi ein appelsin. Eg brukte litersglas og 0,75 dl glas. Det perfekte er store norgesglas, slike glas med patentlok eller store sylteagurkglas, den typen du finn i innvandrarbutikken. Og så er det ein fordel at appelsinen ikkje er så stor. Den kan faktisk ligge på benken nokre dagar, då vert den mindre. 😉

  2. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  3. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Leave a Reply