Billig mat, Mat, Noko søtt
Comments 3

Dei aller beste pannekakene

Pannekaker, det er vel lett? Tja, eg har smakt gode pannekaker, og eg har smakt dårlege. Tjukke, utan salt eller sukker, sviddsteikte utan kjærleik, då blir det ikkje bra.

For meg er pannekaker luksus. Ikkje fordi det er så råflott på nokon måte, men fordi eg prøver å passe på kva eg et, og då har eg det for meg at pannekaker ikkje er så bra for meg. Det er sikkert berre tøys, men det fører iallfall til at eg et det ganske sjeldan.

IMG_3787Då vert lukka desto større dei få gongane eg lagar det. Denne oppskrifta har eg frå mi eiga notatbok med matoppskrifter, som eg opprinneleg fekk på skulekjøkkenet. Det er den første oppskrifta eg har eit klart minne av å ha laga og skrive ned sjølv. Ei venninne og eg eksperimenterte på kjøkkenet over fleire dagar, og konkluderte med at denne ga den optimale balansen, pannekakene vart passe salte, passe søte og passe tjukke.

Den dag i dag slår eg opp når eg skal flotte meg med pannekaker. Og i dag er høvet feitetysdag, dagen etter blåmandag då handverkarane hadde fri i gamle dagar, dagen før askeonsdag, då vi skal gå i sekk og aske, og berre ete havrelefser, fordi fasta byrjar. Alternativet ville vere å servere rømmegraut denne dagen, det får vi ta til neste år.

Denne oppskrifta gir åtte-ti pannekaker, og dei må sjølvsagt serverast med Toro-suppe til. Betasuppe, gul ertesuppe eller som i dag, klar kjøttsuppe, serverer eg til. Eg veit det er litt rart med Toro-suppe i ein matblogg, men dette er altså einaste gongen eg brukar det, så då må det vere greit.

IMG_3786Pannekaker

2 egg

3 ss sukker

½ ts salt

3 dl kveitemjøl

5 dl mjølk

2 ss smelta smør, eller flytande bremykt

Knekk egga i ein bolle, og rør inn sukkeret og saltet. Ha i ei spiseskei mjøl, så litt mjølk og rør glatt, så ei skei mjøl til og litt meir mjølk. Slik held du på til du er tom for både mjøl og mjølk. La røra stå litt. Ha i det smelta smøret like før du skal til å steike. Steik pannekakene pent brune med ein liten klatt smør for kvar pannekake.

Eg likar pannekaker med sukker og sitron, og drysser ei lita teskei sukker på pannekaka etter at eg har snudd den slik at det smeltar. Så krystar eg litt sitron over, og serverer.

3 Comments

  1. Margit says

    Har kjøpt inn til pannekaker i dag jeg også med Toro tomatsuppe. Ikke helt greit at det ikke er erter, men, men. Kjøpte finmalt fullkorn for første gang for å gjøre det «sunnere» hva sier ekspertisen til det?

    • Det trur eg blir bra. Desse pannekakene toler godt litt grovt i, berre pass på å steike dei tynne. Lykke til! 🙂

  2. Hei! Takk for oppskrift! Jeg prøvde meg på disse i dag, jeg. De ble veldig gode, akkurat passe porsjon og lett røre å jobbe med. Bytta ut halve hvetemelet med bokhvetemel (tradisjonelt å ha i pannekakerøra i Nederland – gir god smak!), 1,5 dl bokhvetemel og 1,5 dl hvetemel, og det gikk utmerket.

Leave a Reply