Noko søtt, Safting og sylting
Comments 4

Pasjonsfruktgelé

I helga laga vi ei bryllupskake til eit aldeles strålande brudepar, og der laga eg gelélok av pasjonsfruktpuré til kaka.

IMG_3518Dette smakte veldig godt, og inspirerte meg til å lage meir med pasjonsfrukt. Eg fekk besøk av NRK Møre og Romsdal på kjøkkenet i dag tidleg, og då nytta eg høvet til å lage ein gelé av pasjonsfrukt på glas. Å sylte på radio er jo ein av mine spesialitetar.

Eg har laga denne geléen på ein tropisk juice med pasjonsfrukt i. Nokre fancy plassar kan du få kjøpt pasjonsfruktpuré i posar, det var det eg brukte i bryllupskaka. Finn du det, så kjøp det, det vil gjere geléen om mogeleg endå meir intens og deilig i smaken. I så fall kan du bruke ein liter pasjonsfruktpuré og 3 dl vatn i staden for juicen. Juster sukkermengda etter smak. Eg kjøpte pasjonsfruktpuré på Sagene torg.

I og med at pasjonsfruktgeléen er ei nyoppfinning så veit eg ikkje heilt kva eg skal bruke den til, men eg ser for meg at den må vere knallgod på vafler, bollar eller kanskje på scones med krem? Slik gjorde eg det:

IMG_3533Pasjonsfruktgelé

1 liter «tropiske frukter»-juice og pasjonsfruktpuré blanda

Ein pakke fruktpektin

Fire pasjonsfrukter

1-2 ss sitronsaft

400 g sukker

Ha juice og evnt puré i gryta, og la den koke opp. Ha i pektinen, og la den koke friskt i eit minutt. skum av når det dannar seg skum på kantane i gryta.

Del pasjonsfruktene i to, og grav ut fruktkjøtet med ei teskei. Ha det i gryta, og la det koke opp igjen. Ha i sukker og smak til med sitronsaft, til geléen har den smaken du likar.

Hell geléen på heilt reine, nykokte glas, og skru loket på umiddelbart. Oppbevar geléen mørkt og kjøleg.

4 Comments

  1. Inger says

    Prøv den på panacottaen din 🙂 supergodt!!

    • Det kan eg tenke meg! kanskje med litt mindre gelatin? Når den skal vere på pannacotta bør den kanskje ikkje vere så fast?

  2. Gro Njå Haugland says

    Er det ikke mulig å finne oppskrifter hvor det kun er brukt pasjonsfrukt og ikke jus?

    • Jaudå, då byter du ut juicen med enten avsilt pasjonsfrukt eller den puréen eg snakkar om som du får kjøpt enkelte plassar. Eg veit m.a. at tyrkeren på Sagene har den. Å bruke berre pasjonsfrukt utan å sile vert for mykje stein for meg.

Leave a Reply