Billig mat, Kjøtt, Mat
Comments 3

Lapskaus på gamlemåten

Det finst mange måtar å lage lapskaus på, og då tenker eg ikkje på å opne ein boks.

 Min lettvinte metode er med bacon, kanskje til og med ferdig kutta i terning, som eg fresar i gryta, før eg heller på buljong og lapskausgrønsaker, og lar det koke i tjue minutt. Det er ein kjapp og enkel kvardagsmiddag, som ein som tidleg som råd er bør lære ungane å lage, slik at ein kan delegere middagen nokre dagar i veka.

 _mg_3317Når ein brukar gamlemåten, som eg har gjort i dag, så byrjar ein med svineknokar. Finn eg salta svineknokar, eller kanskje aller helst salta og røykte, så kjøper eg dei på flekken, og byrjar allereie å gle meg over lapskausgryta som ventar.

 Gamlemåten medfører og at ting tek tid. Ikkje nødvendigvis tid brukt framfor kjøkkenbenken eller komfyren, men du kan ikkje byrje tjue minutt før maten skal stå på bordet. Knokane er den første utfordringa. Slikt kjøt er ikkje spesielt mørt, så det må koke lenge. Eg set knokane på kok kvelden før lapskausen skal serverast. Kok gjerne tre-fire knokar (avhengig av kor store dei var, mine var rundt 1,3 kg) på same tid, det tek like lang tid, krev like mykje energi, og då har du middagar i beredskap.

 Du treng ikkje gjere mykje med knokane, berre legg dei i ei romsleg gryte, slå på vatn slik at dei så vidt er dekte, og la det koke opp. Skru ned varmen, og la dei trekke i to timar. Eg skrur av varmen, og så går eg til sengs. Morgonen etter er dei kalde, og klare til å bli rensa. Det er mykje bein, feitt og hud i svineknokar, men det er lett å få bort når dei er møre og kalde. Bruk hendene, legg knokane i eit vidt fat, og rens slik at du sit att med reint kjøt.

 Ta vare på krafta, eg heller den i ei stor mugge medan eg vaskar gryta, så eg kan bruke den om att.

 _mg_3329Det neste du må gå laus på er grønsakene. Eg brukar poteter, kålrot, gulrot, sellerrirot, purre og persillerot, og eg supplerer også med ein raus skalk kål. Dette er det som tek lengst tid, å skrelle og kutte alle desse grønsakene. Her er det berre å bringe inn heile familien i rensinga og kuttinga, så går alt mykje fortare.

 Lapskaus skal vere tjukk, ifølge mi bestemor skulle sleiva stå i gryta. Difor egnar mjølne poteter seg best, dei går i oppløysing, og jamnar lapskausen fint. Har du berre kokefaste poteter, så kan du jamne lapskausen med litt potetmospulver, viss den er laus i fisken. Eg har fått mykje kjeft for det, men eg syns det er enkelt og genialt, så eg brukar den teknikken uansett kva folk måtte meine.

 _mg_3336Når du får ein godt salta knoke så treng du ikkje å tilsette så mykje salt. I denne porsjonen trengte eg ikkje ha i salt i det heile tatt, krafta frå knokane var salt nok. Det einaste eg krydra med var peppar og timian. Slik får du ein enkel, billig og utruleg god middag, eller fleire middagsporsjonar til å putte i frysaren. Dette er ein stor porsjon, som mettar 8-10 personar. Server lapskausen med flatbrød, knekkebrød og godt smør.

Lys lapskaus

 3 kg svineknokar, salta

Vatn til koking

 Legg knokane i ei gryte, og hell på vatn til dei så vidt er dekt. Kok opp, og la det heile koke i 1,5-2 timar. La knokane kolne i gryta, før du rensar dei for kjøt. Hell krafta tilbake i gryta.

 _mg_3339½ lite kålhovud (ca. 600 g)

2 små kålrøtter

6 gulrøtter

12 poteter

3 persillerøtter

Ei halv sellerirot

Ein stor purre

½-1 ts malt peppar

1 ts tørka timian

 Rens alle grønsakene, og kutt gulrøtter, kålrøttene, potetene og persillerøttene i terningstorleik. Splitt purren, og vask den fri for jord mellom blada. Snitt den i tynne skiver. Kutt kålhovudet i små bitar. Ha alle grønsakene i gryta med krafta, dryss på timian og pepapr, og la det koke til alt er mørt. Det tek rundt 25-30 minutt, alt etter kor harde grønsakene dine er. Ha i kjøtet til slutt, og la det bli gjennomvarmt.

 Er lapskausen framleis laus når alt er mørt, så rør inn ein pakke potetmospulver litt og litt, til den er passe tjukk.

_mg_3340Dette er ein diger porsjon, så når alle er mette kan du fryse ned restane i porsjonspakkar til hastemiddagar på travle kvardagar, eller ganske enkelt til ein god venn som er veldig glad i lapskaus. Fyll lapskausen i boksar som du set i kaldt vatn for at dei skal kolne fort før frysing.

3 Comments

  1. Tove Skillingstad says

    Jeg pleier å koke kjøttet, avkjøle det, skjære i biter og fryse i porsjoner i kraften. Jukser med ferdig lapskausblanding, får da en følelse av hjemmelaget når klokka nærmer seg kvelden, etter noen timers ferd fram mot det strømløse hytteparadiset!

  2. Monica Warholm says

    Heia . Ho Malene e bestemora mi 🙂 Ej skal fortelle hinne at du he fortalt om hinne på bloggen din 🙂 Då blir ho stolt. Ho e 90 år ho bestemor no.

    • Så koseleg, eg håper ho huskar meg! Eg har framleis boka som eg skreiv inn alle oppskriftene i, og der kjøkkenreglane hennar sto på første side.

Leave a Reply