Billig mat, Brød, Gjærbakst, Mat, Tilbehør, Vegansk, Veggis
Leave a Comment

Frøsnippar til frukost

Å få fersk bakst til frukost er utruleg godt, men eg orkar ikkje å vere den som står opp grytidleg for å sette ein deig, så mykje veit eg.

Med denne oppskrifta treng du ikkje det! Desse frøsnippane hevar over natta i kjøleskapet, og treng ikkje etterheve om morgonen, dei skal steikast fort og gale. Eg set på omnen når eg står opp, og så går eg på badet. Når eg er ferdigdusja er omnen varm, og då set eg snippane i omnen. Før alle har stått opp og bordet er dekt, så står det nysteikte snippar på bordet. Det er populært, kan eg fortelje.

_MG_3898-kopiKaldheving er ein grei måte å bruke når du vil ha lang hevetid. Ein annan måte er å bruke veldig lite gjær, ein klump så stor som ei ert er nok viss du vil heve dette brødet i romtemperatur over natta. Men så lenge eg har plass i kjøleskapet syns eg har meir kontroll når deigen hevar der. Ukontrollert heving over all mark er eit styr å rydde opp i.

For å få til akkurat denne fasongen brukar eg ein vid bakebolle, då får emnet rett fasong. Hevinga som har skjedd over natta må takast vare på, så kunsten er å handtere emnet litt forsiktig. Eg veltar emnet ut av bollen og i handa mi, før eg vippar den med nedsida ned på bakebordet, som eg har strødd med frø og grovt mjøl. Då kan eg lett skjere emnet i snippar, og forsiktig lirke kniven under kvar snipp før eg vippar den opp på bakepapiret. Det virkar litt komplisert, men når du har gjort det nokre gongar går dette veldig greit.

Server snippane med godt smør, og til dømes brunost og appelsinmarmelade, då er iallfall eg i frukosthimmelen. Ha ei fin helg!

_MG_3904-kopiFrøsnippar

4 dl kaldt vatn

¼ pakke fersk gjær, eller 1 ts tørrgjær

50 g havregryn

200 g grovt sammalt mjøl

1 ts salt

2 ts honning

400-500 g kveitemjøl

Olivenolje til bakebollen

2 ss graskarfrø

2 ss linfrø

2 ss sesamfrø

Ha vatnet i bakebollen, eg brukar min trufaste Kenwood. Løys opp gjæra i vatnet, og ha i havregryn, grovt mjøl, salt og honning. Rør det saman i eit par minutt, før du har i finmjølet litt og litt til du har ein passe fast og passe laus deig. Den skal ikkje vere veldig fast, men den må henge saman. Elt gjerne 10-15 minutt, det skaper gode glutenbindingar.

Smør ein låg, vid bolle godt med olje, det gjer at deigen slepp taket om morgonen. Pass på å smøre litt oppover kantane. Ha i deigen, og la den stå kaldt i kjøleskapet over natta.

_MG_3896-kopiSett steikeomnen på 220 grader, og sett inn ei bakeplate. Dryss frøa på bakebenken din saman med litt grovt mjøl. Vend bollen forsiktig slik at emnet legg seg i handa di. Vipp emnet ned på bakebenken. Del deigen forsiktig i åtte snippar med ein skarp kniv du har dyppa i mjøl. Snu snippane slik at frøa vender opp, og legg dei på eit bakepapir. Ta ut den varme plata, og dra bakepapiret forsiktig over på det.

Steik snippane på 220 grader i 25 minutt. La dei kolne på rist.

 

Leave a Reply