Fest, Gjærbakst, Grilling, Kjøtt, Mat, Middag, Tilbehør
Leave a Comment

Saftig burger

Middag ute? Tja, det er kanskje ikkje heilt tida for det. Men ein klassisk, saftig hamburger kan ein jo lage inne, og så kan du spare oppskrifta til den varmande sola dukkar opp att.

Og når du først er i gang, så kan du like gjerne lage tilbehøret og, ikkje sant? Eg serverer mine hamburgerar med ein syrleg coleslaw, og ferske, luftige hamburgerbrød. For å få dei gode og ikkje alt for harde har eg litt smør og eit egg i deigvæska. Det gjer at dei får perfekt konsistens og smak. Eg likar frø på hamburgerbrøda, og sesamfrø er det klassiske strøet. Denne gongen prøvde eg med valmuefrø, og det vart også veldig godt. Vil du ha frø på bør du pensle bollane med egg for at frøa skal sitte fast.

Sjølve burgeren er det veldig lite styr med. Du treng ikkje spe eller kna deigen spesielt mykje, berre krydre den forsiktig, slik at kjøttsmaken vert framheva. Når eg skal verkeleg slå ut håret finhakkar eg oppbløytte, soltørka tomatar og rører inn i kjøttdeigen. Det gjev ein spennande smak, og gir burgeren fin farge.

Mange grillar hamburgerane sine, eg syns det går greiare å steike dei på plate eller på steikepanne. Når dei ikkje er så veldig elta kan dei lett falle frå kvarandre på grillrista. Det slepp du viss du har dei på ei steikeplate på grillen i staden.

_MG_4021Coleslaw

300 g nykål

Litt sitronsaft

Ein liten bunt grasløk

3 ss majones

3 ss kesam

1 ts sennep

2 ts kvitvinseddik

1 ts honning

Salt og peppar

Snitt kålen fint, ostehøvel er fint å bruke, eller ein sylskarp kniv. Legg kålen i ein bolle, kryst litt sitronsaft over og dryss salt på før du vender litt på den. Dette kan du gjerne gjere nokre timar før servering.

Bland alt til dressingen, men vent med å salte. Bland saman dressing, finhakka grasløk og snitta kål, og rør godt. Smak til med salt og peppar.

Hamburgerbrød

2 ss smør

2 dl vatn

½ pk fersk gjær

1 ss sukker

1 ts salt

7-8 dl mjøl

Eit egg

Smør eller egg til pensling

Smelt smøret i ei lita gryte. Ta det av varmen, og slå i vatnet. Sjekk at blandinga er fingervarm. Ha væska i bakebollen, og smuldre i gjæra. Ha i sukkeret, og rør godt. Ha i salt, og mjølet litt etter litt. Når du har hatt i ca. halve mjølmengda, knekker du i egget. Elt vidare, og ha i mjøl til du har fått ein passe fast deig. Den skal så vidt sleppe bakebollen.

La deigen heve i bakebollen i ein halvtime. Elt den saman, og ha den på eit mjølstrødd bakebord. Kjevle ut deigen til ein stor leiv som er ca. 1 cm tjukk, og la den kvile i fem minutt.

Sett steikeomnen på 190 grader. Stikk ut brød med noko rundt med ca- 12-14 cm diameter. Eg brukar ofte ringen til eit stort norgesglas. Legg brøda på eit bakepapir, og pensle dei med egg eller smør. Vil du ha frø på, så dryss på frøa no. La brøda heve i 40-50 minutt. Steik dei på 190 grader i 12-15 minutt. Har du hatt smør på bollane, så kan du godt gi dei ein ekstra runde med smør når dei kjem ut av omnen, berre fordi det er så deilig. La dei kolne, før du delar dei i to, og legg hamburgerane inni.

_MG_4026Hamburger

1 kg kjøttdeig

2 ts salt

½ ts peppar

(Evnt 4-5 soltørka tomatar, bløytte og finhakka)

Smør til steiking

Ha kjøttdeigen i ein bolle. Elt inn salt og peppar. Form ein bolle av kjøttdeig som du kontrollveg til 100 g. Lag ti slike. Press dei heilt flate med noko tungt og flatt, til dømes ein kjele. Bruk bakepapir så hamburgeren ikkje set seg fast i kjelen.

Sett steikepanna på høgaste varme, og smelt litt smør i den. Jobb raskt, og steik hamburgerane på begge sider til kjøttsafta byrjar å piple ut. Legg dei til varming til alt er klart. Server burgerane i brød, med ketchup, god sennep og coleslaw oppå eller ved sidan av.

Leave a Reply