Mat, Safting og sylting, sylting og safting, Vegansk, Veggis
Comments 4

Limemarmelade

Sitrusmarmeladar er som oftast veldig gode, og det siste eg har prøvd meg på er limemarmelade. Det byrja med at eg fekk ei eske lime i fanget, og måtte gjere det beste ut av det. Det er grenser for kor mykje mohito eit menneske kan drikke, så eg slo meg raskt på syltinga.

Her har eg ganske enkelt brukt heile limen med skal og saft. Skalet er rikt på pektin, og har mykje mindre av det bitre, kvite som appelsinen har. Når skalet får koke over litt tid med sukker utløyser det det naturlege pektinet i skalet. Dette reagerer med sukkeret, og gjer at syltetøyet vert stivt og fint. Eg brukte ein pakke grønn Certo likevel, men det er ikkje sikkert det er nødvendig.

Lime er supersurt, så bruk gjerne hanskar når du held på, det beskyttar hendene. Det gjer og at det må ganske mykje sukker i marmeladen for at den skal bli passe søt. Prøv denne marmeladen på ein smakfull  kvit ost, som ridder eller gruyére. Fantastisk godt!

IMG_3963Limemarmelade

Ca. 2 kg lime

1,4 kg sukker

Ein pakke fruktpektin (grøn pose)

Kutt topp og botn av halvparten av limane. Del kvar lime i to frå topp til botn, og snitt dei så sidelengs så fint som du klarer med ein veldig skarp kniv. Ha alt du snittar i ein bolle.

Press resten av limane oppi same bolle. Til saman skal du ha 1,5 kg limeskiver og saft. Ha dette i ein kjele saman med 900 g sukker og 5 dl vatn. Kok opp. La dette koke til limeskalet er mørt, og lett å tygge. Det tek ca. ein time.

Ha i ein pakke grønn certo fruktpektin, og la det koke friskt i eit minutt. Dra kjelen av plata, og rør i resten av sukkeret. Fyll marmeladen på nykokte glas, og skru på loket med ein gong.

4 Comments

  1. Elsa Gjul Sylte says

    Den marmeladen trur eg smakar veldig godt. Freistar å prøve den, men kan den frysast. Har ingen matbod som egnar seg til oppbevaring.
    Kan eg lage appelsinmarmelade etter same oppskrifta?

    • Den er veldig god! Spesielt viss ein er glad i det syrlege. Lagar du ein batch på 1 kg lime, altså halverer oppskrifta, så får du plass til glasa bakerst i kjøleskapet. Ein treng ikkje matbod for å ta vare på så små mengder. Så kan ein heller gjenta suksessen når ein er tom. Oppskrifta fungerer også med vanleg appelsin, men då bør du kanskje kutte litt ned på sukkeret, viss appelsinene er veldig søte.

  2. Pingback: Gåveidéar | Alt godt

  3. Pingback: Tips til heimelaga julegåver | Alt godt

Leave a Reply