Billig mat, Jul, Mat
Comments 4

Tips til heimelaga julegåver

IMG_4376Kva skal ein gi til den som har alt? Noko å ha det i, sa ein veskebutikk, men eg går heller for den meir framtidsretta varianten: Noko som er nyttig, godt og som blir brukt opp. Her er nokre tips:

Her finn du oppskrift på mine kjempegode rom-rosin-trøflar, og det praktiske urtesaltet. No får du kjøpt urter i butikken heile året, så det kan du også lage til jul. Kvart år lagar eg gløggekstrakt og whiskyappelsinmarmelade, dei oppskriftene finn du her. Ei anna gåve som ofte vert sett pris på er urteeddik og plommeeddik. Har du plommer (kjøp gjerne i butikken!) så kan du også lage denne krydra plommechutneyen.

Å lage ein frisk limoncello med italiensk inspirasjon er mindre krevjande enn ein trur, og eg har også oppskrift på fleire andre typar gode likørar som passar fint å gi bort.

Julemat til fuglane er ei fin gåve viss dei du skal gi til bur slik til at dei har hage eller balkong.

Til dei som har peis eller kamin kan opptenningsrullar vere ei smart gåve, og så er det så og seie heilt gratis å lage dei.

Vi må ikkje gløyme dei saltsylta sitronane! Det er ei fin gåve, gå i gang no, så er dei klare til jul. Til eit glas vin smakar det godt med salte ostesnacks, dei er enkle å lage, og smakar fortreffeleg. Når du er i det salte hjørnet kan du samtidig lage desse salte mandlane, dei er veldig enkle å lage, og veldig gode! Og når vi først snakkar om saltmat: Prøv denne kjempegode kyllingleverposteien. Eg prøvde å lage den med andelever her om dagen, og det vart om mogeleg endå betre.

Eg har også lagd trøflar som er smaksett med skogsbær, dei vart kjempegode. Trøflar med nougat er også deilig til ein god kopp kaffe eller te. Du finn oppskrift på ein frisk, kvit gløgg i same lenke. Lag ein stor porsjon av ekstraktet, og gi bort i pene flasker med ein lapp med gløggoppskrift festa til halsen. Denne blodappelsinmarmeladen smakar utruleg godt, pass på å lage ein stor batch når blodappelsinene er i sesong. Av blodappelsin kan du også lage ein deilig fruktgelé, som er ein søt og frisk liten oppkvikkar på godtefatet.  Limemarmelade er greitt å lage, fordi ein finn lime i butikkane året rundt. Desse peanøttkakene  er også veldig gode, lag dobbelt porsjon, og gi bort i pene boksar, ei lita korg eller i ein brun papirpose med eit julemotiv på.

Det er nemleg lurt å byrje no, skal ein kome i mål! Har du forslag til gåver ein kan gje bort? Pøs på i kommentarfeltet!

4 Comments

    • Ja, det er også eit veldig godt forslag! 🙂 Eg lagar ofte heimelaga vaniljesukker, med ekte vaniljestang som er utskrapa, som får ligge i eit glas med melis i nokre månader. Årets batch er allereie klar.

  1. Siw Ulvehøj says

    Brente mandler! Peppernøtter, pickles, sylta laks, seilaks, ulike sildeinnlegninger, gravlaks. Myntegele om man, som meg har uhyggelig mye mynte i hagen, chilimarmelade.

Leave a Reply